Kunsten å namngi ei bedrift

Konseptuell illustrasjon av kaoset ved å navngi en bedrift
av Lena Johnsen
03. juli, 2023

Ei verksemd er fødd – og no skal ho ha namn. Dette kan fort bli kaotisk, eller følast som reinaste gjettverk, men denne prosessen er viktig. Bedriftsnamn har makt, meining, og potensielt assosiasjonar som kan farge synet til omverda.

Vi har her sett opp ei lett innføring i prosessen med namngjeving av bedrifter. For mange større organisasjonar er dette ein del av arbeidet i ein meir omfattande strategiprosess og merkevareplattform. Men mange finn også namn sjølve, anten tidleg i oppstarten eller når det skal skiljast ut eigne einingar eller satsingsområde. Her er difor nokre tips og teknikkar du kan bruke for å gjere jobben enklare når du skal døype di bedrift, anten du er nyoppstarta eller i ein endringsprosess.

1. Mål

Det er viktig å definere klare mål for å sikre at verksemda kommuniserer rett bodskap til rett publikum. Skriv ned nokre tankar om kva effekt namnet skal ha. Vil du skile deg ut, eller passe inn. Vil du ha ei sterk tilknyting til noko, som eit særleg segment, eller ein tydeleg verdi. Eksemplar her kan være til dømes: miljøvenleg, tradisjonsrik eller nyskapande, nokon som leier an, eller nokon som yter bistand til andre. Tenk over kva følelse du ønsker at namnet skal vekke hos publikum.

2. Idéfase

Med mål for namnet som ein grunnmur for det vidare arbeidet er det no på tide med ei god idémyldring. Kvar einaste idé i denne fasa er like god, så kast viskelêret og skriv opp absolutt alt. Her er døme på ulike ord du kan jobbe ut ifrå:

Eksisterande særnamn: Stadnamn som nærliggande landemerke, gate, bygd, by, fjell, elv, namn på eigarar, eller tidlegare bedriftsnamn dersom du skal skifte.

Produkt og tenestenamn: Namn på produkt eller teneste bedrifta tilbyr,  relevant fagspråk og teknisk sjargong innan aktuelle segment.

Ideal: Kva ein strekk seg mot – visjonen og retninga.

Verdiar: Verdiar bedrifta skaper for kunden, omgivnaden, tilsette, og verda generelt.

Målord: Ord som er direkte eller indirekte knytt til måla som blei definert i starten av prosessen.

Fyll kvar kategori med så mange ord de kjem på. Når kvar kategori er fylt er det klart for å finne konkrete forslag til bedriftsnamn. Dette er den mest kreative delen av arbeidet og kan vere skikkeleg gøy for ordsmeden. Nokre tips til denne prosessen er:

  • Finn eit sterkt ord som du vil spinne vidare på; slå opp synonym, eller variasjonar, og skriv ned alle variantar og kombinasjonar som du kjem fram til.
  • Kombiner namn frå dei ulike kategoriane, og sjå kva som står bra saman.
  • Slå saman to og to ord som kan kuttast ned utan å miste betydninga, og sjå kva som kan bli fengande.

3. Utval

I denne fasen sit du igjen med ei lang liste med namn, og kan starte med kvalitetskontrollen. Det beste er å starte med ein reduksjonsteknikk:

  • Samle alle namn som er ganske like i eigne bolkar. Plukk deretter ut kun det aller beste namnet frå kvar bolk.
  • Kutt namn eller kombinasjonar som ikkje er særeigne. Noko kan til dømes stavast litt annleis for å skilje seg ut. Det viktige her er at namnet skal opplevast som unikt.
  • Ranger alle namna frå minst til mest bra og kutt frå botnen til du sit igjen kun med favorittar, gjerne dei 10-15 beste forslaga. Pass på at det er med gode variantar som svarar til målsetjinga.
  • Gå gjennom kvart namn og sjekke om det er i bruk for domene, føretak eller varemerke. Stryk dei som då vert diskvalifiserte. Søk finn de her: https://www.navnesok.no/
  • Kok til sist lista ned til dei 2 beste forslaga. Bruk gjerne avstemming. Her bør bedriftseigar og andre med sterke stemmer vere med i prosessen.

4. Presentasjon og grunngjeving

Til slutt kan dei to beste forslaga samlast i ein presentasjon med informasjon om prosessen, god beskrivande tekst om grunnlaget for utvalet, og kvifor dei er det beste namnet for bedrifta. Presentasjonen er ofte laga for styret eller ei leiargruppe, men nokre vel også å la alle tilsette stemme i siste runde for å ta del i prosessen. Då tek ein det endelege valet saman, bygger samhald – og landar eit sterkt namn. Når det blir gjort på rett måte kan prosessen bidra til å skape ein sterk, minneverdig identitet som vil ha ein positiv og varig verknad på verksemda både internt og eksternt.

Gå til toppen