Google Consent Mode v2

av Osberget
03. mai, 2024

Brukar di bedrift Google Ads? Då må nettsida di snarast ha ei samtykkeløysing som støttar Google Consent Mode v2. Kravet til personvern (GDPR) knytt til nettside er i stadig endring og til det beste for brukaren.

Etter innføringa 6. mars i år har Google kommunisert at dei kan suspendere Google Ads kontoar for dei som ikkje har dette på plass. Google Consent Mode V2 er ei oppdatering frå Google som handterer brukarsamtykke og personvern på nettet. Denne oppdateringa er designa for å gi eigaren av nettsida meir detaljert kontroll over korleis Google-tenester fungerar på dine nettsider i form av brukarsamtykke.

Sjølv om du allereide har eit «cookie»-banner installert på nettsida di som henter inn samtykke frå besøkande, så er det ikkje sikkert at dette støttar Google Consent Mode v2.

Bli betre kjent med kva Google Consent Mode V2

Les meir om “Topp 10 spørsmål om Google Consent Mode v2”

Ta kontakt med oss for hjelp til å sette opp samtykkeløysing på nettsida di.

Gå til toppen