Logoen – ansiktet til bedrifta

Logoar
av Synne Øye Myrvold
11. mars, 2021

Logoen er det viktigaste kjennemerket til ei bedrift og har som formål at kundar og andre skal kjenne att bedrifta. Ein logo består som oftast av eit namnetrekk, eit logosymbol eller ein kombinasjon av dette.

Utforminga av logoen til bedrifta er kanskje det viktigaste profilarbeidet ein gjer! Logoen skal nemleg både fungere godt åleine og vere mogleg å kjenne att sjølv utan støttande profilelement som tilleggsfargar, skrifttypar og designelement.

Kva kjenneteiknar ein god logo?

Ein god logo er særeigen, enkel å plassere, har enkle former, og formidlar ein bodskap om kva bedrifta gjer. Logoen skal kunne fungere i negativ versjon og utan fargar, og han skal vere tydeleg sjølv i liten storleik. Dersom logoen er for kompleks, vil kanskje viktige detaljar forsvinne, og han kan bli vanskeleg å lese. Faktisk har vi lettare for å kjenne att enkle logoar enn komplekse logoar også!

Det er kanskje ein klisjé, men det er også sant: Det enkle er ofte det beste. Ein logo treng ikkje illustrere alt ei bedrift er og står for. Dette kan ein få fram gjennom andre designelement og tekst. Har du ei bedrift i Volda som driv med garnproduksjon og design av strikkeoppskrifter, treng ikkje logoen din å ha bilete av ei ferje, Rotsethornet, sauer, garnnøste og strikkepinnar. Gjer det enkelt – finn fellesnemnaren, eller noko som kan symbolisere det du gjer, på ein abstrakt og enkel måte. Kanskje ville det i dette dømet vere nok med eit logosymbol som illustrerer ein sau, eller eit namnetrekk i løkkeskrift som ser ut som om det er forma med garn?

Logodesign følgjer også trendar

Som med alt anna innanfor design varierer trendane. Ein logo som var tipp topp moderne i 1990-åra, er ikkje nødvendigvis relevant i dag. Sjansen er stor for at ein logo vil skape andre assosiasjonar i dag enn han gjorde for fleire tiår sidan. Design som ein trudde skulle vare evig, blir utdatert. Slik er det med klede og interiør, og slik er det med logoar også. Sidan logoen er sjølve grunnsteinen i identiteten til ei bedrift, bør ein vere merksam på dette. Er logoen utdatert, kan dette påverke førsteinntrykket potensielle kundar får av bedrifta, og det ønskjer ein sjølvsagt ikkje. For å hindre at det skjer, er det mange bedrifter som vel å gjere gradvise endringar på logoen for å halde han oppdatert. Eit døme er Google, som i løpet av dei siste 20 åra har gått frå eit namnetrekk med seriffskrift, skuggar og preg til eit enkelt namnetrekk utan seriffar. Men fargane er dei same, og det gjer at vi raskt kjenner logoen att.

Den førre logooppdateringa til Google var i 2015. På denne tida var logodesign og typografi prega av minimalistiske sans serif-skrifter. Og det er forståeleg – teksten blir enkel å lese, og det er enkelt å finne skrifttypar som er pene og passar godt saman. Men når «alle» bruker desse skrifttypane, kastar ein vekk ei ypparleg moglegheit til å skilje seg ut.

Det har blitt viktigare å skilje seg ut

Som eit motsvar på denne trenden har vi dei siste få åra sett at særeigen typografi har blitt meir og meir populært både i logoar og som profilskrifter. Sosiale medium har ført til at vi heile tida blir eksponerte for inntrykk og reklame, og for at ein skal kunne bli kjend att og hugsa i mylderet av annonsørar og profilar, er ein nøydd til å skilje seg ut.

Ein viktig del av oppgåva til ein logo er nettopp å skilje bedrifta di frå konkurrentane. Innanfor ein bransje har aktørane ofte mykje til felles når det gjeld fargar, designelement eller symbol. Til dømes er emballasjen til billege matvarer ofte gul eller raud, innanfor gjenvinning og miljø går fargen grønt og attvinningssymbolet igjen, og den maritime bransjen er prega av blått og bølgjer. Sjølv om dette fortel kunden kva for ein bransje du høyrer til i, kan det gjere at han eller ho har vanskar med å skilje deg frå konkurrentane dine. I slike tilfelle prøver vi som kreativt byrå alltid å designe ein logo som både er særeigen og fortel noko om kva område bedrifta opererer innanfor. Dersom logoen i tillegg innbyr til spørsmål og samtale, er det topp!

Når er det på tide å oppdatere logoen?

Korleis veit du om det er på tide å redesigne logoen? Kanskje bør du tenkje heilt nytt og skaffe deg ein ny logo? Tidene og marknaden forandrar seg, og det kan vere at du må gjere endringar for å skilje deg frå konkurrentane. Kanskje var ikkje logoen så veldig god og gjennomtenkt i utgangspunktet. Kanskje har du ikkje eingong vektoriserte filer av logoen fordi han blei laga av nevøen til sjefen i Photoshop då bedrifta starta opp i 2008?

Digitaliseringa har ført til at primærflata til logoar er flytta frå trykte flater til digitale flater. Det gjer det enklare og billegare å nå ut til kunden, men konkurransen er til gjengjeld tøffare. Dersom ein som bedrift ønskjer å overleve og vere relevant, er ein i dag nøydd til å vere tilgjengeleg på nettet. Dei fleste har no skjønt dette. Bedrifter utviklar produkta og tenestene sine slik at dei skal halde seg relevante, og slik bør ein tenkje med logoen også.

Noko du bør vurdere, er om logoen til bedrifta er responsiv. Innanfor webdesign snakkar vi om responsive nettsider, men dette har også blitt viktig innanfor logodesign. Har logoen ulike variantar til bruk i ulike storleikar? Dette er særleg viktig dersom logoen er kompleks. Til dømes kan ein variant av logoen vere logosymbol, namnetrekk og slagord, ein forenkla variant kan vere namnetrekk og slagord, og ein variant kan vere berre logosymbolet. I tillegg kan ein ha vertikale og horisontale oppsett av logoen til bruk i ulike format. På denne måten vil logoen din alltid ta seg godt ut, uavhengig av storleik og format!

Så kva seier du? Blir 2021 året då bedrifta di tek steget vidare og redesignar logoen? I så fall høyrer vi gjerne frå deg!

Gå til toppen