Miljøvennlege trykksaker, finst det?

miljøvennlige trykksaker
av Lena Johnsen
29. april, 2021

I dag er ein viktig del av forretningsfilosofien vår å velje produkt og tenester som tener behova våre, men som også legg vekt på miljøet. Bruk-og-kast-mentaliteten er vekke, og vi bryr oss om kvar varene våre kjem frå, korleis dei er produserte, kor langt dei har reist, og kor store utslepp dei har skapt.

Det grøne skiftet er godt i gang, og det er vi som bedrift og som enkeltpersonar veldig glade for. Dette har også gjort at mange kvir seg for å lage trykksaker framfor digitalt innhald. I dette innlegget i dag skal vi sjå litt på verdien av trykksaker og korleis ein kan ta i bruk trykte medium og framleis tenkje miljøbevisst.

Trykte medium er framleis ein utruleg viktig del av marknadsføringsmiksen og kan hjelpe bedrifter med å utvide rekkjevidda til potensielle kundar, få eksponering og engasjere målgruppene sine; trykte medium kan skape truverd. Å investere i trykt materiell seier noko om at du driv ei seriøs verksemd, og at du tilbyr verdifulle produkt eller tenester. I motsetning til nettsider har trykte medium også lengre levetid. I staden for å bruke nokre sekund på ein nettstad og deretter gå vidare, kan ein ha brosjyrar liggjande og finne tilbake til dei seinare. Ein kan også gi dei vidare til venner eller kollegaer, og slik utvidar ein rekkjevidda til kampanjen. Det er også mogleg å knyte papir saman med innhald på nettet. Til dømes kan ein bruke QR-kodar eller lenkje til ein nettstad der ein finn meir informasjon eller kan bestille produkta.

Trykksaker kan vere med på å heve inntrykket av merkevara di. Med våre tips og triks er du betre rusta til å gjere gode val undervegs. Vi håper dette kan hjelpe deg til å finne ei løysing som passar for deg utan at du må gå på kompromiss med eigne retningslinjer for det grøne skiftet.

Miljøvennleg papir

Val av papir har noko å seie. Mest kjent for oss i Noreg er svanemerket, men det finst også fleire standardar. Ber ein om miljømerkt papir, får ein papir som er underlagt strenge reglar for mellom anna skogsdrift, utslepp frå produksjon og kjemikaliane som blir nytta. Papir kan ha både høgt og lågt CO2-avtrykk, men dei gode leverandørkjedene sørgjer for å så ny skog. I staden for å støtte avskoging med kronene sine kan ein altså vere med på å skape meir skog.

Miljøvennlege trykkjeri

Fleire norske trykkjeri er svanemerkte. Eit svanemerkt trykkjeri bruker papir som oppfyller krava i svanemerket, og i tillegg følgjer dei strenge krav for kjemikaliane blir nytta ved trykkinga, slik som trykkfargar, reinsemiddel og avfallshandtering på trykkjeriet.

Miljøvennlege profileringsartiklar

Vi får mange førespurnader om idear til miljøvennlege profileringsartiklar. Fleire av dei gode underleverandørane våre har spesialisert seg på nettopp dette og lansert produkt der produksjonen og materiellet er lite skadeleg for miljøet. Til dømes kan ein få alt frå kulepennar til gymbagar i økologiske materiale som bambus. Vi kan komme med gode tips her, både slik at du kan velje det beste materiellet, finne ut kva som er i vinden, og velje tidlause artiklar som ikkje blir bruk-og-kast-varer.

Transport – kortreist eller klimanøytral

Noko av det mest effektive ein kan gjere for å spare miljøet når ein trykkjer, er å velje nasjonalt og kanskje også mest mogleg lokalt. Jo kortare reiseveg produktet har, dess mindre utslepp får ein. I tillegg er ein med på å byggje opp lokale eller nasjonale arbeidsplassar i same slengen. Må ein trykkje lenger vekke, kan ein stille krav om at sendinga skal vere klimanøytral. Då bruker ein til dømes elbilar for leveransen, eller produktet blir sendt i spesielle sendingar i posten.

Trykk berre det du treng

Ikkje bli freista til å trykkje 1000 eksemplar berre fordi det ikkje er så mykje dyrare enn 500. Då skaper du papiravfall, som igjen skaper utslepp i frakt og avfallsbehandling i tillegg til utsleppet ved å skape trykksaka. Tenk over kva du faktisk har behov for, og vel kvalitet framfor kvantitet.

Ver tydeleg på at du vel miljøbevisst

Ha miljøbevisstheit som eit punkt allereie i tilbodsfasen. Be om miljømerkt papir, still krav om svanemerking, bruk eit nærliggjande trykkeri, og vel klimanøytral levering. Har du teke deg god tid til bestillinga, har vi tid til å sjekke opp og stadfeste, slik at du er sikra ei grønare trykksak. Det er viktig å merkje seg at det kan vere forskjell på beste pris og mest grønt. Som byrå kan vi nokre gonger kvi oss for å gi «dyre» tilbod. Det er klart dyrare å drive trykkjeri i Noreg enn i utlandet, og det er dyrare å bruke miljøvennlege kjemikaliar og stå for berekraftig skogbruk. Men legg du den ekstra krona i trykket, støttar du ei god sak, og gir du beskjed om det tidleg i prosessen, kan du få det beste tilbodet frå dei grønaste leverandørane våre.

Be om råd!

Vi har hjelpt kundar med å velje miljøbevisst i fleire år. Nokre gongar vel ei digital løysing, og andre gonger lagar vi gode trykksaker som kan brukast over tid. Anten det er trykksaker eller anna marknadsmateriell du er ute etter, har vi mange gode underleverandørar som også gjerne anbefaler dei beste løysingane og er med på idédugnaden saman med oss.

Gå til toppen