Få meir ut av di messedeltaking!

messestand for servi group
av Stine Mari Johnsen
18. juni, 2021

Å planlegge ei messe kan vere omfattande og uoversiktleg. Ulike fristar, tilval og møbelpakkar tek tid å sette seg inn i. La oss gjere det enkelt, og lose deg gjennom frå design til produksjon!

Det er ein eigen kunst å skilje seg ut i mengda, utan å fortelje for mykje på éin gong. Ein rotete stand med for mykje informasjon gjer bodskapet vanskeligare å forstå – og kan gi di bedrift dårlegare uttelling. Våre kreative og erfarne designarar gir gode råd og tryllar fram stands som vekker merksemd.

Standdesign
Få ein stand som trekkjer merksemd og gir rett inntrykk! Vi gir deg gode råd ut frå hovudbodskap, målgruppe, budsjett og type messe. Vi kan også levere full pakke inkludert bygging via underleverandørar, eller i samarbeid med din foretrukne standbyggar. Vi har fokus på kostnadseffektive, smarte løyingar i god kvalitet.

3D-visualisering
Det er ofte utfordrande å sjå føre seg korleis endeleg resultat vil bli ut frå planteikningar eller enkle tekniske teikningar. Har du opplevd at tekst forsvinn bak møblar, delar som ikkje er riktig opplyst, feilplassert grafikk eller element som ikkje er i forventa storleik? Vi har god erfaring med å visualisere standen i realistisk 3D før bygging.

Messefilm
Vi kan filme, klippe og sette opp en flott messefilm for di bedrift. Vi bistår med storyboard og bearbeiding av ditt innhald som er tilpasset framvising på messe, i presentasjon- eller i annonseformat. Vi kan også gi eksisterande filmar eit ansiktsløft med til dømes omklipp, 3D-visualiseringar, motion graphics eller voice over.

Trykksaker
Det kan lønne seg å ha fysiske trykksaker å levere ut, for å gjere eit varig inntrykk. Ei flott utarbeida brosjyre/flygar, noko som skil seg litt ut eller er praktisk har lettare for å bli teke med videre av dei du ønsker å få kontakt med. Snakk med oss om det du vil formidle! Vi kan bistå med alt fra planlegging, foto og design, til trykk via våre gode samarbeidspartnarar.

Presentasjon
Mange oppdaterar presentasjonen sin i forkant av ei messe. Vi kan levere design, og heve nivået med funksjonar som interaktivitet for din presentasjon. Spør oss om design av mal, eller leveranse av full presentasjon klar til bruk.

Annonser og invitasjonar
Annonsér di tilstadevering i sosiale media, på nett, eller i kundebrev og andre arenaer som er aktuelle for di bedrift. Vi bistår med utarbeiding av annonser der du vil vise att. Lag flotte invitasjonar til din stand og send ut til ditt kontaktnett.

Bestilling
Vi leverer nøkkelklare stands via våre underleverandørar og bistår med prosjektstyring: Planlegging, layout og utstyrsleige. Vi har eit auge for detaljar, i alt frå møbler og bygging, til straum og lys. I vår leveranse gir vi samla og synleg oversikt over alle kostnadar med messestanden i eitt og same dokument. Ingen skjulte kostnader.

Ta kontakt med oss for di neste messe:

Åge Grimstad
aage@osberget.no

Stine Mari Johnsen
stine@osberget.no

Gå til toppen