Finn den beste publiseringsløysinga

av Osberget
27. oktober, 2023

Vi hjelper deg med å finne den beste CMS-løysinga. CMS er forkorting for Content Management Systems. På norsk kallar vi CMS for publiseringsløysing. For å publisere innhald på dine nettsider treng CMS-plattformen visse kjernefunksjonar.

Fantastiske Osberget leverer alternativt WordPress eller Squarspace til våre kundar. Vi har oppsummert nokre av dei viktigaste funksjonane for deg og din nettstad:

  • Tilpassingsalternativ. Ein god CMS-plattform skal gjere det enkelt å bygge ei unik nettside med fleksible malar, slik at du kan tilpasse nesten alle aspekt av nettstaden din.
  • Brukarvennligheit. Bruk CMS-system som har brukervennlige kontrollpanel og ingen krav til koding for å lage ei funksjonell nettside.
  • Tilleggsprogram. Viktig at CMS-plattformen kan utvidast med tilleggsprogram og ulike applikasjonar. Det gjeld tilleggsprogram du kan installere med ein gong eller ved eit seinare høve slik som bl.a nettbutikk og søkeoptimalisering.
  • Utviklarfunksjonar. Det må vere mogleg å legge til eiga kode slik at du kan bygge ein nettstad tilpassa dine behov. Plattformen bør gi høve til å legge til eigne kode om nettstaden treng spesifikke funksjonar eller designelement.
  • Service. Om noko går galt utanom ordinær arbeidstid, må nettsida kunne få hjelp til å løyse problemet, anten via live chat, e-post, telefon eller ein omfattende kunnskapsbase.

WordPress er eit svært fleksibelt CMS-system og massevis av programtillegg. Squarespace er eit alt-i-eitt CMS-system utan kode og enkelt å bruke. Ein samtale og gjennomgang saman med kunde avklarar val av CMS-verktøy. Velkommen til ein samtale med Fantastiske Osberget.

Gå til toppen