Bli kjent med Karl August!

av Fantastiske Osberget
01. oktober, 2023

Karl August er ein meget triveleg og ikkje minst dyktig designar som har flytta frå storbylivet i Oslo til rolege, vakre Sunnmøre! I Fantastiske Osberget tilhøyrer han avdelinga i Ulsteinvik, der jobbar han med både grafisk design, film, fotografering og videoredigering. Men si største styrke meiner han er skriving og tekstarbeid.

Karl August har bachelorgrad i Media, IKT og design fra Høgskulen i Volda, i tillegg til MA Multimedia Journalism fra Bournemouth University i England. Han har også teke enkeltemne i informatikk ved UiO, strategisk kommunikasjon ved Westerdals Oslo ACT og internasjonal politikk ved Bjørknes Høyskole på bachelornivå.

Før han kom til oss jobba han i to år som kommunikasjonsrådgivar i eit vikariat på Høgskulen i Volda. Elles har han jobba innan mange ulike felt, med alt frå å vere skitrenar for småborn, blomsterbud, drosjesjåfør, logistikkforvaltar i luftforsvaret, salsassistent for Synnøve Finden, og til å levere sjømat og vilt til HoReCa-kundar for Lerøy Sjømatgruppen.

Interessene hans er samfunnsliv, arkitektur, media, og fotball, og i tillegg har han ei spesiell nerdeinteresse for veginfrastruktur.

– Designar er min tittel i dag, men eg ser på meg sjølv som ein fleksibel potet, seier han, og nemner at han gjerne jobbar med mykje ulikt. Enten det er grafisk design, foto, film, sosiale medium eller generell kommunikasjonsrådgjeving.

Karl August er ein positiv og sørvisretta kar som strekker seg langt for å levere i høg kvalitet, og til avtalt tid og pris. Han har stort omsyn for kundane, og deira behov og ønske for leveranse og kommunikasjon. Han er også glad i å få ei god utfordring, og i å slå av ein prat saman om prosjekt, behov, fotball – eller veginfrastruktur!

Tilfeldige fakta

  • Karl August er heilt avhengig av kaffe om morgonen, og klarer ikkje starte dagen utan.
  • Han har ein allsidig musikksmak som går frå Jazz til Techno.
  • Karl August har vokse opp med skogsfugljakt og fleire hundar, men i dag er einaste kjæledyret å sjå nabokatten som heiter Jens.
  • Favorittlidenskapen hans er Tottenham og Lyn
  • Om du ikkje ser Karl August ein dag er han heilt sikkert oppe i fjellsida og går på ski, der stortrivst han!

Fantastiske prosjekt Karl August har jobba med dei siste åra

  • For Høgskulen i Volda har Karl August gjennomførd ein så langt vellykka rekrutteringskampanje for hausten 2023. Her hadde han ansvaret for skulen sin Instagram-konto, og fylgt opp «take-overs» frå studentambassadørar som skal promotere studia sine.
  • Fantastiske Osberget har levert ny grafisk profilhandbok til Høgskulen i Volda, og denne har Karl August jobba med. Blant anna fekk han laga ein serie med roll-ups for dei ulike studia.
  • I tida på høgskulen har Karl August skrive mange gode artiklar for nettsida, både på nynorsk og bokmål. Høgskulen har gått frå å være nokon av dei dårlegaste til å bli ein av dei beste i landet i UH-sektoren på å levere sidemålskravet til Språkrådet, og her leverte Karl August mykje av det som var 25 % bokmålskravet.

Gå til toppen