Universell utforming

av Magne Grimstad jr.
29. januar, 2023

Universell utforming – start arbeidet i dag! Frå 1. februar 2023 må alle offentlige verksemder gjennomføre ei tilgjengeligheitserklæring som svarar på dei 47 krava knytt til universell utforming. Frå 28. juni 2025 må også nettsider til private verksemder vere utforma etter krav i samsvar med universell utforming.

Ei universelt utforma nettside gjer innhaldet på nettsidenene tilgjengelig for alle, uavhengig av funksjonsevne! God tilgjengeligheit gir god brukaroppleving.

Har du ei nettside med eit rammeverk og eit webdesign som ikkje er i samsvar regelverket hindrar du tilgongen til om lag 30 prosent av befolkninga. No skal alle norske nettsider vere i samsvar med lovverket om universell utforming. Fantastiske Osberget har har teknologi og kompetanse.

Foreløpig er det berre offentlige nettsider som er pålagt å utforme nettsidene etter krav frå universell utforming, og som innan 1. februar må fylle ut Tilgjengligheitserklæring. Men frå 28. juni 2025 er alle verksemder, også private, pålagt at nettsidene skal vere i samsvar med krav til universell utforming.

Innan 1. februar

Innan 1. februar 2023 må alle offentlige nettstadar ha tilgjengligheitserklæring synleg på sine nettstadar. Private verksemder er foreløpig unnateke kravet. Gå inn på denne linken for tilgjengeligheitserklæring.

Verksemder i offentleg sektor har fått tilsendt PIN-kode via eFormidling eller e-post til sitt postmottak. Verksemder i offentleg sektor som ikkje har fått tilsendt PIN-kode kan sende e-post til post@uutilsynet.no

Tilgjengeligheitserklæringa skal svare til krav knytt til universell utforming i WCAG 2.0 med 35 krav og WCAG 2.1 med 12 krav. Tilsaman 47 krav.

Verksemder i det offentlege som ikkje oppfyller krava, kan få pålegg om rettingar og/eller dagbøter

Seks stadier for utfylling av erklæring

  1. Verksemda må kjenne til dei 47 krava
  2. Test nettstaden. Alle dei 47 punkta skal testast. Omfanget bestemmer verksemda sjølv, men Uutilsynet anbefalar å teste ulike malar, innhaldet, kodinga og ofte nytta funksjonar på nettstaden. Eksterne konsulentar kan hjelpe til. Tilsynet har utarbeidd eige skjema i Excel rekneark for kontroll og utfylling som bør fyllast ut FØR ein fyller ut sjølve skjemaet for erklæringa
  3. Tilgang og innlogging for tilgjengelegheitserklæring. Få tilsendt PIN-kode via eFormidling eller e-post til sitt postmottak. Verksemda må sjølv fylle ut erklæringa og står ansvarleg for korrekt opplysningar
  4. Fyll ut skjemaet for tilgjengelegheitserklæring. Tilsynet reknar at verksemda bør sette av inntil ein arbeidsdag for utfylling
  5. Publiser tilgjengelegheitserklæringa. Etter publisering får verksemda tilsendt URL. Erklæringa/URL skal vere synleg på nettstaden til verksemda
  6. Oppdater tilgjengelegheitserklæringa. Ein kan gå inn og ut av skjemaet så ofte ein vil for å gjere endringar både før og etter 1. februar. Etter 1. februar for å rette og korrigere manglande oppfylling av universell utforming

Etter testen

Når testen er utført og erklæring utfylt må det på nettstaden ligge fylgjande:

  • På framsida skal det vere ein link til ei side som omtalar korleis verksemda har løyst tilgjengligheitserklæring
  • På erklæringssida skal det vere ein link til sjølve erklæringa og …
  • … det skal vere mogleg å melde tilbake endringar via e-post eller skjema

Vi minner om at den overordna målsettinga med universell utforming er at innhaldet på nettstaden skal vere tilgjengeleg for alle brukarar.

La Solveig Kloppen gi deg ei kort innføring:

Ta kontakt i dag om du treng hjelp til universell utforming!

Gå til toppen