Suksess med skulefilm!

Herøy vidaregåande skule

I januar 2023 fekk Herøy vidaregåande skule produsert to reklame- og informasjonsfilmar: ein lenger til bruk i presentasjonssamanheng og ein kortversjon for reklamebruk. I filmen var det viktig at elevane sto i fokus i presentasjonen av dei forskjellige linjene, i tillegg til at det vart skapt ei godkjensle med klipp av blide og fornøgde elevar på skulen.

3 elever fra Herøy VGS sitter i en sofa på skolen.

Målet med reklamefilmen er å få fleire til å søke på dei 19 linjene som skulen tilbyr, som alle skulle representerast i ein 20 sekundars video. Langversjonen skal nyttast i elev- og foreldrepresentasjonar, og gjerne i ein større PowerPoint presentasjon der den fungerer som introduksjonsvideo.

Med elevar som stilte sporty opp fekk vi laga desse filmane på rekordtid. Den har lege ute på sosiale medier ei knapp veke, og er allereie sett av meir enn 10 000.

Film er eit veldig godt verkemiddel til å nå ut til publikum på ein effektiv måte. Formatet er godt likt av algoritmar i sosiale mediekanalar, og ikkje minst kan det skape glede og stoltheit for dei som er involverte i filmen. Dette gir ringverknadar der dei igjen promoterer filmen vidare i sine nettverk, slik at filmen kan verte synleg for heile verda.

Ta kontakt med oss for ein prat om din film!

Fleire prosjekt

Gå til toppen