52 grunnar til å velge Volda

Høgskulen i Volda

Med 4000 studentar og  350 tilsette er Høgskulen i Volda den største utdanningsinstutisjonen mellom Bergen og Trondheim. Høgskulen er kjent for sitt aktive studentmiljø, og tilbyr blant anna nokre av Noreg sine leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Høgskulen i Volda kortstokk

Deltaking på utdanningsmesser er ein viktig del av rekruttering av nye studentar, og i den anledning har vi fått designa nye standveggar og ein giveaway-kortstokk! Korta i kortstokken har 52 grunnar til å søke Høgskulen i Volda, med ein grunn og bilete per kort. Nokre av desse grunnane går også att på bildeveggen på standen. Vi takkar for utruleg artig oppdrag med design av ei trykksak litt utanom det vanlige, og ynskjer Høgskulen i Volda masse lukke til vidare på årets utdanningsmesser. Standen til høgskulen har allereie blitt kåra til beste stand på utdanningsmessa “Utdanning og Karriere” i Ålesund 27. – 28. januar, og det synast vi sjølvsagt er SÅ kjekt!

Foto frå standen: Per Arne Brandal

Fleire prosjekt

Gå til toppen