Lanseringsfilm for kompetanseportal

Regnskap Norge

Regnskap Norge er profesjons- og bransjeforeininga for autoriserte regnskapsførarar i Norge. I 2019 lanserte dei ein fullstendig kompetanseportal som bygger på 50 år med erfaring i å gi fagleg støtte til sine medlemmar.

I den anledninga ønska dei ein lanseringsfilm for “Regnskap Norge Akademiet” til sitt 50-årsjubileum. Filmen skulle inspirere medlemmane og samtidig informere dei om den nye portalen med kursprogram.

Etter eit tett samarbeid med Regnskap Norge endte vi opp med å lage ein film som innehaldt video, animasjon, grafikk og eigenkomponert musikk. I prosessen med filmproduksjon vart det tatt høgde for at ein skal kunne hente ut kortare segment til bruk i t.d. sosiale media.

Vi er veldig fornøyd med jobben Osberget har gjort for oss. Prosessene har vært veldig ryddig fra tilbud til gjennomføring og avslutning. De satte seg raskt inn vårt behov og målgruppe, og leverte et resultat som ble utrolig bra og vi er veldig stolte av å vise frem.

Thea Klepp

Markedsansvarleg kompetanseprodukt og tenester

Fleire prosjekt

Gå til toppen