Årsrapport for Måsøval AS

Med respekt for kysten og naturen, eig, driftar og utviklar Måsøval AS ei lang rekke selskap innan havbruksnæringa. Som ein av pionerane i norsk havbruk har Måsøval sterk havbrukskompetanse, og dei jobbar aktivt for å sikre eit minst mogleg fotavtrykk i alle delar av produksjonen.

Fantastiske Osberget har vore så heldige å få utforme årsrapporten 2022 for Måsøval, der vi tok utgangspunkt i malen for den grafiske profilen til Måsøval. Med eit solid grunnarbeid, kreativ friheit i utforming av layout, og god kommunikasjon har vi landa på ein solid og tiltalande årsrapport.

I tillegg til arbeid med design og layout, fekk vi òg moglegheita til å besøke Vartdal Fiskeoppdrett AS, som er eigd og blir drifta av Måsøval. Her tok vi ei rekke flotte bilde av anlegget og den vakre naturen rundt. Bilda blir brukt både gjennomgåande i årsrapporten, og på Måsøval sine nettsider.

Fleire prosjekt

Gå til toppen