Eiga landingsside for barnehagane

Hareid kommune

Barnehagane i Hareid Kommune har mykje å by på – dei har tette og nære relasjonar som skapar tryggleik for borna og vener for livet, dei har naturen rett utfor døra der dei kan utfalde seg kreativt og nyte gode stunder rundt bålet, og ikkje minst ein gjeng med sprudlande, leikande og engasjerte vaksne som lev av å skape gode minner for dei små.

Dette ville dei gjerne formidle til alle dei som snart skal sende bornet sitt i barnehagen, i tillegg til å gjere det enklare å søke seg plass. Dette resulterte i ei landingsside som har i fokus å promotere barnehagane med éin call to action; søke plass. Her vil brukaren få kort informasjon og eit lite innblikk i barnehagen sin mentalitet og kvardag.

Profilen for Hareid kommune er brukt, med ei oppgradering som appellerer til leik og latter, varme og tryggleik. I samarbeid med barnehagane utarbeida vi også ein maskot som er med i all kommunikasjon utad og som spelar på Hareid-namnet – haren.

I arbeidet med landingssida vart det utforma ein marknadsstrategi, i tillegg til annonsemalar, banner og plakatar.

www.hareidbarnehagane.no

Fleire prosjekt