Speditørfirma som tilbyr transporttenester

BEF Shipping

BEF Shipping er eit speditørfirma som tilbyr transporttenester innan fly-, bil- og sjøfrakt. Dei bistår også med mellom anna konsulenttenester og prosjektlogistikk. Dei ønskjer å vere ein god leverandør og yte rask levering, god service og trygge tenester. Dei er tilgjengeleg 24/7 og har gode erfaringar som mellomledd og med å skape flyt mellom kundekretsar i mellom anna den maritime bransjen.

article_id=139091-befshipping.jpg

Vi har utarbeida logo og profilkonsept for BEF Shipping. Logoen skal raskt syne BEF Shipping som ein trygg og solid aktør innan logistikk og transporttenester. Ordet BEF utgjer logoelementet og er strømlinjeforma og framoverlent med ei gjennomgående linje som står for fart og dynamikk med leveranse frå A-Å. Den er solid og innanfor ein tydelig grid som skal utrykkje seriøsitet og logistikk innanfor trygge rammer. Som mellomledd og nøytral aktør er fargebruken halde primært i svart og kvitt – slik kan ein også spele på uttrykket 24/7 og natt og dag. Ein frisk blågrønn farge står for fart, miljø, og himmel og hav som framkomstveg. Den øvrige grafikken med linjer og bokser speler vidare på logistikk, fart og leveranse frå A-Å. I tillegg til den grafiske profilen har vår tekstforfattar også bistått med tekst til nettsidene.

www.befshipping.no 

Gå til toppen