Digital marknadsføring

Vik Ørsta Marina

Med over 40 års erfaring i bransjen er Vik Ørsta Marina leverandøren som har levert flest båtplassar i Noreg. Dei er marknadsleiande flytebrygger, marinaanlegg og bølgedempararUnder pandemien bestemte selskapet for å nytte digitale medium i større grad i marknadsføringaHer kan du lese casen om korleis Fantastiske Osberget gjekk fram då vi tok kunden inn i dei digitale kanalane.

Bilde av nettside visning av vik ørsta marina markedsføring

Oppdraget innebar at kunden var tilstades på dei mest hensiktsmessige sosiale- og digitale plattformene. Det blei oppretta bedriftsprofilar på Facebook og Instagram, som blei nytta til å skape aktivitet og engasjement. I forlengelse av dette, køyrde vi også annonsar på plattformene. Annonseringa i dei sosiale media, blei supplert med Google Ads og søkemotoroptimalisering for betre treff i nettsøk.

Vi inngjekk ein driftsavtale som sikra ein kontinuerlig overvaking av kvaliteten og effekten av annonseringa. Driftsavtalen innebar også at vi forbetra annonsane og oppretta nye annonsevariantar der det var teneleg. Vi rapporterte vekentleg til kunden om framgongen.

Vi takkar kunden for det fantastiske samarbeidet, og det spanande oppdraget, og ønskjer Vik Ørsta Marina lukke til vidare!  🛥 🥳 🤩

Vi har laga en case for dette prosjektet på bloggen vår. Les detaljane om korleis den digitale marknadsføringa utarta seg i innlegget Case: Vik Ørsta Marina

Gjennom vårt samarbeid med Fantastiske Osberget fekk vi erfare kor raske og effektive resultat ein kan få ved å flytte marknadsførings-fokuset over på digitale flater og på sosiale medium.

Rune Holstad

Avdelingsleder, Vik Ørsta Marina
Gå til toppen