Magnus og Lisbet Rise frå Øvre Rise på Hareid

Geir Liavåg Strand

Magnus og Lisbet Rise frå Øvre Rise på Hareid og deira aner og etterkommarar er skriven av Geir Liavåg Strand. Magnus og Lisbet og alle borna utanom eldstesonen Nils emigrerte til Amerika i 1851. Nils overtok garden etter faren og etterkommarane hans eig framleis garden. Denne slektsboka tar for seg denne slekta.

Namnet på garden vert uttala Ri’se med lang i og det er ubøygt. Her er to gardar, Nedre og Øvre Rise, sistnemnde også kalla Fram-Rise. Garden ligg framanfor Bigset i nordhellinga av dalen. Lendet flatar seg mykjer meir ut her. Etter Bjåstad og Waage: Bygdebok for Ulstein og Hareid, band VI, 1985.

Osberget har hatt ansvaret for design og oppsett.

Du kan kjøpe boka her.

Eg er fornøgd med arbeidet Osberget har gjort med boka. Dei kjem med tips og idéar til utforming til det beste for prosessen og det endelige bokresultatet,

Geir Liavåg Strand