Nettundervisning for norske barn i utlandet

Globalskolen

Globalskolen er ein pioneer innan fjernundervisning for barn. Våren 2021 hadde skulen om lag 1200 elever busett i 105 forskjellige land.

Vi fekk ein forespurnad om å gjennomføre ei revitalisering av nettsida, med fokus på nye krav til universell utforming, design og brukarvennlegheit. Dette ville vi sjølvsagt bistå med!

Retningslinjene frå Digitaliseringsdirektoratet er bygd på krav frå EU til universell utforming av nettsider. Mellom anna er det viktig at innhaldet er lesbart, at sida er enkel å navigere seg i, og at ein tek i bruk fargar som kan oppfattast av alle. Når vi designa nettsida, tok vi utgangspunkt i Globalskolen sin grafiske profil, og vidareførte både fargar, former og illustrasjonar. Vi takkar so mykje for oppdraget!

Globalskolen 

 

Gå til toppen