Norgesmeisterskap for unge volleyballspelarar

KFUM Volda Volleyball arrangerer Norgesmeisterskap i Volleyball for 15-års lag. Arrangementet skal gjennomførast i Volda og Ulsteinvik frå 1. til 3. april 2022. Fantastiske Osberget har levert nettsidene.

KFUM Volda Volleyball er ein volleyball-klubb med lange og stolte tradisjonar. I desember 2022 flytta laget inn i storstova Volda Campus Sparebank 1 Arena og kan gle oss over topp moderne treningsfasilitetar. Hallen er ein førebildeanlegg for volleyball.

Integrasjon av Facebook og Instagram

Nettsidene er tilpassa ulike leseflate, dvs responsive design. Facebook og Instagram er integrert på nettsida – dette skaper ei dynamisk og levande nettside. Alle lag melder på sine spelarar, lagledarar, dommarar osv og informasjonen vert vist på sida. Det er også laga eit bestillingsskjema for bestilling av t-skjorte og matpakkar.

Sjå nettsida til NM2022 her.

KFUM Volda Volleyball arrangerer NM U15 i 2022, og arrangementet trengte ei nettside. Osberget utarbeidde ei skisse, og denne stemde godt med våre tankar. Vi er svært fornøgd med arbeidet.

Rune Aarflot

KFUM Volda Volleyball

Rune Aarflot skriv vidare om samarbeidet med Fantastiske Osberget:

“I samband med at KFUM Volda Volleyball skal arrangere NM U15 i volleyball i 2022 trengde klubben ein nettstad for deling av informasjon, bilder og video, og innsamling av informasjon gjennom ulike skjema. Nettstaden vil ha over tusen brukarar fram mot, og under NM, så det er viktig at nettsida er stabil.

Etter å ha prøvd å sette opp dette sjølv ei stund, skjøna vi at dette vart for komplisert.

Etter å ha kika på løysingar og nettstadar andre idrettslag i nærområdet har, valde vi å kontakte Osberget for eit tilbod på ei slik løysing.

Vi vart godt mottekne, og fekk eit godt tilbod etter kort tid.

Osberget utarbeidde ei skisse til nettstaden ut frå vår beskriving, og denne stemde godt med våre tankar. Arbeidet med å sette opp nettstaden gjekk raskt, og ca. to veker etter første kontakt var sida oppe å gå, og klar for at vi kunne publisere.”

Etter ei tids bruk fekk vi fleire behov på nettstaden. Desse vart raskt løyste av Osberget, og estimert tid stemmer med faktura som kjem i etterkant, noko som er viktig.

Gå til toppen