Olaf Storegjerde – mannen og verket

Storegjerdesamlinga

Eit smykke av ei bok med bilete frå første halvdel av 1900-talet. Her kan ein lese om historia til fotograf Olaf Storegjerde frå Sande og få eit innblikk i ei tid som var. Boka inneheld ein stor del av det flotte verket av bilete han har teke frå heile Søre Sunnmøre.

Vi har stått for grafisk utforming og tekstforfatting. Boka er gitt ut i samarbeid med Sande Sogelag. Fotograf Joar Ødegård har tatt bilete av enkelte stadar i kommunene i distriktet som viser den store endringa som har skjedd på rundt 100 år.

Bokutgivinga er ein milepæl for alle oss som sidan 1980 har arbeidd med å avfotografere og samle informasjon om denne unike fotosamlinga etter Olaf Storegjerde. Vi ser fram til utgivinga og trur at alle som skaffar seg denne praktboka, vil få eit kulturminne som er gull verdt.

Arthur Vestnes

Sande Sogelag

Fleire prosjekt

Gå til toppen