Restaurant med ny identitet

Ulstein Hotell

Ulstein Hotell ønskja å skape ein unik profil for restauranten deira og tydeleggjere tilbodet for både hotellgjestar og lokalbefolkning. Resultatet vart nytt namn, definert profil, nettsider, strategi for sosiale media og profileringsmateriell.

Pir bar og restaurant er ein del av hotellet i Ulsteinvik, men skal framstå i eiga drakt der restauranten sine verdiar og mål kjem tydeleg fram. Med bar, buffet, restaurant, uteservering, chambre og selskapslokaler har dei eit rikt utval for ei brei målgruppe. Pir bar og restaurant er ein unik treffstad der kulturarrangement kan kombinerast med eit godt måltid. Med kvite dukar skal gjesten kome til dekka bord og få servert smakfull, heimelaga og ærleg mat.

Det tidlegare namnet for restauranten var Oljepiren bar og restaurant. Namnet ligg difor ikkje langt i frå det opprinnelege og vil gi ei viss gjenkjenning. Det nye namnet tek bort assosiasjon til olje og fokuserer på det marine/maritime preget. Det er også meir stilreint, enklare å hugse og klinger betre på folkemunne. Logoen er prega av symbolikken i namnet og dei mjuke formene kan minne om både bølger, koauge, rep og pir. Med sitt stramme uttrykk gir det også eit klassisk og eksklusivt preg.

Gå til nettside

Fargepaletten til Pir bar og restaurant er prega av lokasjon. Hotellet er plassert i den maritime klynge, Ulstein. Fargane gjenspeglar både havet og det marine med ein djup blåfarge. Den rustraude fargen kan gi assosiasjon til stål og skip, samtidig som den tilfører ein varm og lun kontrast til den mørke blåfargen. 

Gå til toppen