Ulstein veks fram

Ulstein historielag

Ulstein veks fram fortel om små og større hendingar i Ulstein frå 1800 talet og fram til vår tid. Det er eit stort og omfattande prosjekt ført i pennen av forfattar Asle Geir Widnes Johansen.

Ulstein veks fram.

Tidlegare ordførar i Ulstein, Ottar Kaldhol skriv bl.a i forordet: “Vi som lever no har mykje til felles, det mest klåre er at vi kjenner takksemd til alle menneska før oss som gjennom heile livet arbeidde for å skape tryggleik og framtidsvon for menneska rundt seg. Vår felles historie inneheld mange døme på menneske som tok fram i og gjekk føre, starta eit lag, ein organisasjon, ei foreining, ei verksemd, eit verft, ein bank, ein skule der menneska kunne utfolde seg og delta i vekst og utvikling.”

Kjøp boka Ulstein veks fram.

Ulstein kommune har hatt ein eventyrleg vekst og framstår i dag som ein moderne småby. Få andre stadar i Norge kan vise til liknande utvikling.

Knut Erik Engh

Ordførar

Kjempeinteressant framstilling

Ulstein veks fram har vore eit stort og omfattande prosjekt i samarbeid med Ulstein Historielag. Leiar i Ulstein Historielag John Osnes seier “det er viktig å ta vare på og bere vidare forteljinga om Ulstein. Det er historia som gir samanheng og meining i våre liv.”

Responsen frå lesarane har vore særs god. “Det er ei kjempeinteressant framstilling for ein som vaks opp i Vik på 50-talet”, skriv Åsmund Dimmen til oss. Ein annan skriv: “Denne prektige «mursteinen» av ei bok må få plass under alle juletre i år! Eg har tjustarta og er imponert! Takk til initiativtakarar og ikkje minst forfattaren Asle Geir Widnes Johansen som har balansert det omfangsrike stoffet på ein framifrå måte!”

Ulike aktørar har støtta prosjektet: Sparebanken Møre, Ulstein kommune, Sparebank1 og Ulstein Historielag.

Gå til toppen