Ulstein veks fram

Ulstein Historielag

Framveksten av det moderne Ulstein skal først og fremst handle om frå då kommunen skaut fart og fekk eit markert regionssenter i Ulsteinvik.

Klikk her for skisse til nettside.

Trua på framsteget stod sterkt i Europa ved hundreårsskiftet. Tekniske nyvinningar høyrde nesten til dagens orden, og folka levde i fred med kvarandre. Denne framtidsoptimismen smitta over på den unge, norske nasjonen. Den nye optimismen fekk fotfeste her i dei ytre kystdistrikta òg. I Ulstein ser vi at det i dei første tiåra av hundreåret veks fram verkstader og fabrikkar. Alt dette la grunnlaget for det Ulstein vi kjenner i dag. Det same var kulturen, ikkje minst fotballen som fekk sitt flaggskip i Hødd.

Men det var i perioden frå kring 1960 og utover at Ulstein kommune gjekk gjennom ein vekst som nesten mangla sidestykke i landet. Asker var den einaste kommunen som hadde større vekst i tiåret fram til 1972. Utviklinga i kommunen hadde på fleire område allereie passert prognosane som var rekna ut fram til 1972.

Det som først og fremst gir Ulstein slik vekstkraft, er utviklinga ved dei tre store verfta i kommunen, Ulstein, Hatlø og Kleven. Vi ser no at det utviklar seg eit samarbeid mellom industri, bankar – ikkje minst det som skulle bli Sparebanken Møre – og det offentlege som skulle blir særs produktivt. Framsynte kommunetilsette, politikarar, bankfolk med innsikt i svingingane i den lokale industrien – og framsynte industrileiarar som satsa internasjonalt, er noko av nøkkelen til å forstå den eventyrlege utviklinga i Ulstein fram mot vår tid.

Asle Geir Widnes Johansen, forfattar

Ulstein kommune har hatt ein eventyrleg vekst og framstår i dag som ein moderne småby. Få andre stadar i Norge kan vise til liknande utvikling.

Knut Erik Engh

Ordførar

Eit prosjekt for framtida

Det er viktig at framveksten av det moderne Ulstein vert skrive ned og dokumentert. Det moderne Ulstein akselererte utover 60-talet.

Ulstein veks fram skal skape positivt engasjement og gjere innbyggarane stolte over det vi har fått til i Ulstein. Prosjektet skal skape entusiasme og framtidstru i eit tid der vi i fleire år har hatt nedgang i industrien. Næringslivet er konjunkturbasert, dirfor må vi sjå utviklinga i eit lengre tidsperspektiv og at oppgangstidene kjem tilbake.

Nettside
Innhaldet vert gjort tilgjengeleg på nettet. Bruk av internett er viktig for å nå den yngre generasjonen, og gjer innhaldet tilgjengeleg og ope for alle uansett kvar ein bur. Internett gir høve til visualisering og samhandling med brukaren.

Bok
Prosjektet skal munne ut i ei bruksbok. Boka skal vere eit oppslagsverk og vil fungere fint som gåvebok. Det skrivne ord i bokform er framleis eit viktig medium for formidling.

Prosjektet vil også vurdere:

Utstilling
Ulstein veks fram vil vere godt eigna for ei utstilling som viser dei store og sentrale hendingane i Ulstein – gjerne i kronologisk rekkefølge. Ei utstilling vil skape entusiasme og engasjement.

Foredrag
Det bør utarbeidast ulike foredrag med omsyn til innhald og lengde. Foredraga vil kunne eigne seg godt inn mot næringslivet, kommunen, elevar og studentar og ulike organisasjonar.