Visuell profil for nytt eigedomsmeklarfirma

Legal Eigedomsmekling

Legal Eigedomsmekling er eit nytt eigedomsmeklarfirma på Sunnmøre med base i Ørsta. Firmaet består i dag av tre eigedomsmeklarfullmektige, og kjem til å fokusere på næringsbygg, nybygg og fritidsbustadar i tillegg til vanlege bustadar.

Cecilie Langva, Thomas Lundberg og Tommy Sylte utgjer personane bak Legal Eigedomsmekling. Cecilie og Thomas er også advokatar, noko som er grunnen til at namnevalet fall på “Legal Eigedomsmekling”. I arbeidet med logo og profil har vi arbeidd for å skape eit sofistikert, tidlaust og elegant uttrykk.

Logoen består av namnetrekket Legal Eigedomsmekling, samt eit logosymbol. Logosymbolet kan brukast åleine eller foran logoen, og illustrerer to nøklar. Logosymbolet er likt også dersom det plasserast opp-ned. I logosymbolet kan ein også sjå initialane til Legal Eigedomsmekling – L og E. Grønblå er hovudfargen, og komplimenterast med lys blå, beige, blåsvart, mørk varmgrå og rustraud. Kombinasjonen av seriff- og sans seriff-fontane i titlar og brødtekst skaper eit elegant uttrykk, og tek att formene frå logoen.

 

I tillegg til visuell profil har vi også designa og utvikla den nye nettsida til Legal Eigedomsmekling. Nettsida er programmert i WordPress, og er integrert meglar-verktøyet Vitec Next, som syner bustadane som er til sals.

Sjå nettsida her

Fleire prosjekt

Gå til toppen