Vi gjer universell utforming enkel for alle

av Osberget
02. oktober, 2023

Alle nye nettsider som vert utarbeid av Fantastiske Osberget vert utarbeid i samsvar med regelverket knytt til universell utforming (WCAG). Vi hjelper deg med å skape inkludarende brukaropplevingar som fungerer for alle brukarar.

Universell utforming, eller bruk av livsløpsstandard, er eit begrep innan samfunnsplanlegging, IKT, design, arkitektur, teneste- og produktutvikling.

Digdir.no skriv på sine nettsider: “Universell utforming betyr at brukarane – uavhengig av sine føresetnader – på ein god og enkel måte kan ta i bruk både nettsider, appar og automatar som dei møter i kvardagen. Dette er pålagt gjennom forskrift om universell utforming av ikt-løysingar.”

Krav til universell utforming nettsidene

Det offentlige skal fylgje alle dei 48 krava, medan det for det private er pålagd å fylgje 35 krav – les meir om forskrifta. For det offentlige blei forskrifta påbode 1. februar 2023. Blant krava finn vi bl.a:

  • høg kontrast på tekst
  • presentere innhald i ei logisk rekkefølge
  • ikkje tap av innhald ved zoom inntil 200 prosent
  • ikkje viktig tekst på bilde
  • teksting av video
  • all koding i samsvar med gjeldande rentingslinjer osv.

Du kan lese meir om regelverket på nettsidene til Uutilsynet.

Vi hjelper deg

Fantastiske Osberget kan hjelpe deg med å utforme dine nettsider i samsvar med universell utforming. Ta kontakt med oss på post@osberget.no

Gå til toppen