Bli kjend att ved hjelp av fargar!

fargevifte
av Synne Øye Myrvold
12. mai, 2021

Visste du at fargar er eit av dei viktigaste designelementa vi har? Fargar er med på å gi liv til eit design, skape kjensler og uttrykkje verdiar og personlegdom.

Som bedrift kan du ved hjelp av fargar fortelje kunden kva for ein marknad du opererer i, og kva slags verdigrunnlag bedrifta di har. Fargar er også ein super metode for å skilje seg frå konkurrentane. Ved å gjere ein rask analyse av nettstadene og marknadsmateriellet til konkurrentane kan ein få ei oversikt over kva slags fargar som er brukte. Dette kan ein så bruke til å finne ut kva slags fargar bedrifta kan bruke for å skilje seg frå konkurrentane, men samtidig ta omsyn til verdiane til bedrifta og den marknaden ein er del av.

Til dømes er det ei kjend utfordring at svært mange maritime bedrifter har blå som profilfarge. Og det forstår vi godt: Blått symboliserer havet og plasserer bedrifta i den maritime bransjen allereie ved første augekast. Men for å skilje seg ut i mengda av maritime bedrifter er det mange grep ein kan gjere. Her er tilleggsfargar og ulike nyansar gode venner å ha.

Båtbygg

Eit døme på god bruk av tilleggsfargar finn vi på den oppdaterte profilen til Båtbygg. Båtbygg utfører reperasjon, vedlikehald og ombygging av skip, og har i mange år hatt turkis og ulike blånyansar som profilfargar. Då vi redesigna nettsida og profilen til Båtbygg i haust og vinter, innførte vi derfor ein mørk grå som bakgrunnsfarge. I tillegg auka vi bruken av ein beige fargetone som også har vore ein del av profilen til Båtbygg tidlegare. Resultatet blei eit meir solid uttrykk som i større grad enn tidlegare rettar merksemda mot teksten og bileta.

Norwegian Maritime Group

NME er ei medlemsbedrift som har mål om å fungere som ei kopling mellom dei norske maritime selskapa og den globale marknaden. Sidan NME opererer internasjonalt og representerer norske selskap, er det viktig for identiteten til NME å vise fram det norske. Profilfargane til NME er derfor raud, kvit og blå, inspirert av det norske flagget. I tillegg er det brukt ein beige farge for å skape variasjon. Resultatet er eit design som utstrålar det norske, og som viser tydeleg kvar NME og medlemsbedriftene kjem frå.

Hovden Møbel

Det er ikkje alle bedrifter som berre treng nokre få profilfargar å halde seg til. For nokre bedrifter, til dømes i møbel- og interiørbransjen, er det viktigare å følgje trendane enn å ha nokre få, faste fargar. Arbeidet med den visuelle identiteten til bedrifta blir då i staden eit kontinuerleg og flytande arbeid i staden for store prosessar som skal vare i mange år om gongen. Ei bedrift som gjer det på denne måten, er Hovden Møbel. Dei er ein sofaprodusent som leverer lekre sofaer i nordisk stil og moderne design. Å vise at dei følgjer trendane, er viktig for bedrifter som Hovden Møbel, og dette gjeld særleg med tanke på fargebruk. Ved å bruke populære interiørfargar på sofaene sine, i miljøbilete og på designet elles bidreg Hovden Møbel til å halde seg relevante og attraktive. Til dømes har vi i dei nyaste sofabrosjyrane til Hovden Møbel henta fargane vi har brukt i designet, frå miljøbileta.

Byggenheim

Då vi laga logoen og den visuelle identiteten til Byggenheim, enda vi opp med ein profilfarge som skil seg godt ut: rosa. Byggjebransjen er ein bransje som har ganske stor variasjon i kva fargar som er brukte. Ingen farge er «typisk» for byggjebransjen. Kva profilfargar som er brukte av byggfirma, varierer mykje – med alt frå raudt og gult til blått og grønt, oransje, brunt og svart, og kombinasjonar av dette. Å skilje seg ut basert på farge er derfor ikkje så lett, men når kunden var villig til å gå «all in» på fargebruk, blei resultatet ein logo med rosa logosymbol og rosa, lilla og grønblå som profilfargar. For byggfirma er firmabilen ei særs viktig flate, og du kan tru firmabilane til Byggenheim skil seg ut når dei susar rundt i Fosnavåg!

Xledger

Xledger er eit skybasert ERP-system for effektiv økonomistyring i større bedrifter. Då vi skulle designe den nye nettsida deira, utvikla vi ein fargepalett som vi tok i bruk i malsystemet på nettsida. På denne måten kan Xledger enkelt endre fargane på nettstaden innanfor bestemte rammer når dei ønskjer og treng det. Dette kan vere ei løysing for større bedrifter med mykje materiell og mange reklameflater, avdelingar og tenester. Då kan ein variere litt meir enn mindre bedrifter med få eksponeringsflater bør.

Som du ser er, det mange måtar å nytte fargar på for å skape attkjenning og sørgje for at kundane får eit forhold til bedrifta. Ein kan finne eit utval profilfargar og halde seg til dei, ein kan kontinuerleg arbeide med å oppdatere fargepaletten til bedrifta basert på trendar, eller ein kan utvikle ein større fargepalett der ein varierer fargebruken ut frå behov. Uansett kva for ein metode du vel, gjeld det å finne noko som passar til bedrifta, målgruppa og marknaden. Går du for ein variabel fargeprofil, kan du ikkje basere deg på at målgruppa di kjenner deg att basert på farge, så då må du ha andre sterke identitetselement som gjer denne jobben. Kanskje logoen og designelementet klarer jobben godt åleine? Dette kan ein til dømes finne ut ved hjelp av ei marknadsundersøking eller ved å spørje kundane direkte.

Kan bedrifta di få eit løft med betre fargebruk? I så fall hjelper vi dykk gjerne!

Gå til toppen