Bli kjent med Stine

Stine M Johnsen hos fantastiske osberget
av Fantastiske Osberget
12. oktober, 2022

Stine er heilt sjef. Det vil seie… Ho elskar å bestemme, i alle fall. Stine har vore ein del av Fantastiske Osberget heilt sidan den spede starten i 2009, så no har ho jobba her i meir enn tretten år!

Stine starta karrieren som designar med ei toårig utdanning som grafisk designar på dåverande MI (Merkantilt Institutt) i Trondheim og gjekk vidare med eit årsstudium i mediekunnskap ved Høgskulen i Volda. Der fekk ho smaken på meir enn tradisjonelt grafisk design og tok derfor også ein bachelor i multimedieteknologi og -design ved Universitetet i Agder når ho likevel var i gang. Ved sidan av studia frilansa ho som grafisk designar.

I Fantastiske Osberget har Stine ein finger med i spelet i det meste som skjer. Etter kvart har ho fått mange års erfaring med design, visuell identitet og kommunikasjon. Som konseptutviklar og prosjektleiar jobbar ho med alt frå film, illustrasjon, animasjon og 3D til messestandar og presentasjonar. Stine er flink til å hjelpe kundane til å finne den raude tråden i kommunikasjonen sin, kva historie dei bør fortelje, og korleis ho skal forteljast. Stine er glad i å stå på litt ekstra for kundane, held i alle trådane i eit prosjekt og sikrar både framdrift og kostnadskontroll. Ganske god på å bestemme kva andre skal gjere, er ho også.

Tilfeldige fakta

  • Mor til Stine dreiv kiosken på ferja Eiksund–Rjånes i mange år, og ho har sjølv jobba der mykje opp gjennom åra. Med andre ord er det ei vaskeekte ferjedame med stålkontroll på svelesteiking vi har med å gjere!
  • Stine har ei mørk fortid som lettare emo og nerd; både Star Trek, Tolkien, Gaiman, Tool og A Perfect Circle vekkjer varme kjensler i Stine.
  • Stine er ein ekstremt dårleg tapar og fekk i mange år karantene frå å spele Risk.
  • Stine har sett alle episodane av MasterChef Australia og har ein hemmeleg draum om å reise til Melbourne og vere publikum på ein Team Challenge.
  • Ho har også nyleg teke opp att hobbyen frå barndommen med måling og teikning, og er hekta på å måle fuglar, dyr og insekt.
  • Stine og Lena er søstrer!

 

Fantastiske prosjekt Stine har jobba med dei siste åra

1. Regnskap Norge

Lansering av RN Akademiet – Prosjektleiar, konsept og visuell design
https://www.osberget.no/prosjekter/lanseringsfilm-for-kompetanseportal/

2. Båtbygg

Revitalisering av profil og ny nettside – Prosjektleiar og designar
https://www.osberget.no/prosjekter/ny-design-til-verft-med-lange-tradisjoner/

3. Hovden Møbel

Design av sofabrosjyre – Grafisk design
https://www.osberget.no/prosjekter/tidlaus-skandinavisk-design/

4. Måløy Maritime Group

Film
https://www.osberget.no/prosjekter/service-point-for-the-north-sea/

 

Gå til toppen