Finn kundane deg på nettet?

Finn kundane deg på nett?
av Marius Ertesvåg
10. juni, 2021

Nettet endrar seg stadig. Desto viktigare er det å ha dei rette verktøya som både er framtidsretta og gjer det enkelt å tilpasse seg. Over fire milliardar menneske bruker Internett aktivt, og over fem milliardar søk blir gjorde på Google kvar einaste dag.

Verda over er folk blitt meir og meir avhengige av å konsultere nettet før dei tek avgjerder, både i arbeidslivet og privat. Uansett kva ein skal – ut og ete, levere søknadar eller undersøkje verksemder – så finn ein svar på nettet.

For å lukkast på nett, er annonsering, big data og søkeoptimalisering dei nye områda alle verksemder bør følgje med på.

Treff kundane der dei er

For å sikre at ein treff kundane i dei kanalane dei nyttar i det daglege, er det ikkje tvil om at ein må utnytte dei digitale media for alt dei er verd.

Anten det er på toppen av Google-søk eller på sosiale medium, finst der ei enorm mengd potensielle kundar ein kan nå fatt i med enkle grep, for ein rimeleg penge, på svært kort tid.

 

sosiale_mediar_statistikk_fantastiske_osberget
Folk sin daglege bruk av forskjellege sosiale mediar.

Skap eit godt digitalt førsteinntrykk

Dei fleste verksemder eksisterer i dag både fysisk og digitalt. Vi menneske er blitt avhengige av smarttelefonar og datamaskiner, og det første besøket i ei ny verksemd skjer gjerne digitalt. Derfor er det viktig å gi eit godt førsteinntrykk i dei digitale kanalane, i tillegg til å sikre at ein utnyttar dei enorme moglegheitene som finst på Internett.

Det er enkelt å komme i gang med den digitale innsatsen. Derimot er vegen lang før ein har eit system som sikrar full utnytting av alle fordelane nettet har å by på.

Fem greie grep

Det er enkelt å komme i gang med den digitale innsatsen. Derimot er vegen lang før ein har eit system som sikrar full utnytting av alle fordelane nettet har å by på.

Ideelt sett består innsatsen av følgjande komponentar og tenester:

  1. Heimeside
  2. Sosiale medium
  3. Søkjemotoroptimalisering (SEO)
  4. Sporingsverktøy
  5. Annonsesystem

Har du desse tenestene på plass, er mykje gjort. Då har du eit system som sikrar at du kan køyre digitale kampanjar, analysere brukaraktivitet, få oversikt over eksisterande kundar og nye målgrupper og planleggje tiltak i tråd med overordna målsetjingar.

fantastiske_osberget_mac_analytics_google
Google analytics nyttar big data for å gi innblikk i nettstadstrafikken på heimesida.

Digitaliser deg

Vi opplever ein stor auke i etterspurnaden etter desse tenestene, og vi er overtydde om at verktøya som er nemnde ovanfor, blir stadig viktigare i den nye digitale kvardagen. Kom deg på nett og sørg for at også du har systema og verktøya som skal til for å handtere det framtida har å by på.