Bli kjent med Synne

Synne Øye Myrvold hos fantastiske osberget
av Fantastiske Osberget
20. mai, 2021

Synne er den bonderomantiske designkritikaren vår. Ho er både triveleg, stille og roleg, men når praten kjem inn på design, hender det at ho ikkje klarer å stoppe krana.

Synne har fram til i fjor vår vore student i heile sitt vaksne liv og kan skryte på seg ein bachelor i visuell kommunikasjon frå Universitetet i Søraust-Noreg, eit årsstudium i mediekunnskap frå Høgskulen i Volda og ein master i mediepraksisar frå Høgskulen i Volda som ho fullførte våren 2020. Ved sida av studia har ho teke på seg oppdrag innanfor både foto og design, og etter at ho hadde praksisperiode i Fantastiske Osberget våren 2018, begynte ho å jobbe for oss. Hurra!

Synne held til på Ulsteinvik-kontoret. Her jobbar ho med alt frå grafisk design og visuelle identitetar til webdesign, foto, videoredigering og sosiale medium. Og meir blir det nok, for Synne elskar å lære seg nye ting! I arbeidet sitt har Synne blikk for detaljar og sørgjer alltid for at designet følgjer ein raud tråd. Om andre ber om tilbakemeldingar på designet sitt, kan Synne finne på å pirke både på det eine og det andre, men det er sjølvsagt fordi ho ønskjer at eit design skal vere så bra som mogleg før det blir sendt til kunden. Synne jobbar også mykje med nettsider og er oppteken av å skape nettsider som er brukarvennlege, pene, moderne og oversiktlege.

Tilfeldige fakta

  • Synne skal ikkje ha kaffi, ho skal ha te.
  • Synne bur på eit småbruk i Follestaddalen i Ørsta saman med katten/musefangaren Nemi. Her dyrkar ho både poteter, gulrøter, squash, salat, sukkererter, tomatar og brokkoli, og snart vert de høns på tunet også!
  • Foto har vore hobby nummer éin sidan Synne var lita, og ho gjekk eit år på fotolinja på Sund folkehøgskule etter vidaregåande. I ein liten periode har ho faktisk jobba som eigedomsfotograf også!
  • Synne er ein skikkeleg plantenerd. Ho har i skrivande stund om lag 70 planter rundt omkring i huset.
  • Synne er glad i å strikke og strikkar helst tjukke, stikkete og supervarme genserar i islandsk ull.
  • Sidan Synne bur i eit gammalt tømmerhus, har det gått med ein del timar til oppussing. Men det er berre kjekt! Synne elskar å leite på Pinterest og Instagram etter inspirasjon til interiør eller til sitt neste oppussings- eller gjer-det-sjølv-prosjekt, og ho ommøblerer og flyttar rundt på ting (særleg planter) kvar veke. 100 prosent ferdig blir ho nok aldri.

Fantastiske prosjekt Synne har jobba med dei siste åra:

1. Høgskulen i Volda

Design av stand og kortstokk
www.osberget.no/prosjekter/52-grunnar-til-a-velge-volda

2. Norhus

Design av huskatalog
www.osberget.no/prosjekter/funkisinspirerte-bustadar

3. Søre Sunnmøre IKT

Design av logo/visuell identitet
www.osberget.no/prosjekter/visuell-identitet-for-ikt-selskap

4. Entec

Prosjektleiar, strategi, design og web for Entec sin nye visuelle identitet
www.osberget.no/prosjekter/effektive-loysingar

 

Gå til toppen