Effektive løysingar

Entec

Entec er kort for «environmental technology», og er eit teknologikonsern beståande av tre driftsselskap; Evotec AS, Brimer AS og ServiTech AS. Eigarane ønska å bygge ein større aktør innan dei marknadane selskapa har si kjerneverksemd, ha framtidsretta vekst med å knytte til seg fleire aktørar over tid, og å vere ei sterk kompetansebedrift.

entec redesign profilmanual

I løpet av det siste året har Entec gjennomgått ei stor forandring, som vi i Fantastiske Osberget har fått gleda av å vere med på. Med eit ønske om å framstå som ei samla bedrift i staden for tre individuelle selskap har vi bidrege med strategiarbeid, i tillegg til å gjere eit redesign av den visuelle identiteten til Entec forankra i strategien. Med den nye visuelle identiteten som grunnlag har vi også fått utforme alt av malar og trykksaker – frå visittkort og brevark til annonsemalar for sosiale medium, mal til PowerPoint, og brosjyremal for å nemne nokre. Vi har også utforma den nye nettsida til Entec, som er fleirspråkleg for å kunne nå ut til ein internasjonal marknad. Saman gir desse elementa Entec tyngda som trengs for å framstå som eit sterkt og samla konsern.

For å byggje opp under den visuelle identiteten til Entec har vi også utforma ein bildemanér og bildebank i samarbeid med fotograf Per Eide. Desse bilda er brukt på nettsida og i brosjyrer, og kan også brukast i sosiale medium, i PowerPoint, osb.

mobiltilpasset nettside for entec av fantastiske osberget
hjemmeside i wordpress for entec
brosjyremaler for bedrifter laget for entec av osberget
brosjyremal levert til entec design av designbyrå fantastiske osberget
visittkort for bedrifter levert til entec av lokalt reklamebyrå fantastiske osberget

Fleire prosjekt

Gå til toppen