Bli kjent med Hildegunn

Hildegunn
av Fantastiske Osberget
18. mars, 2021

Hildegunn er kanskje petimeteren i Fantastiske Osberget. Ho har auge for detaljar og den raude tråden. Design har alltid vore noko ho har trivest med å jobbe med.

Frå Hildegunn var lita jente, har ho elska å teikne, og den første draumejobben til Hildegunn var å bli motedesignar. Etter å ha vore innom både teikning, form og farge på vidaregåande og interiørdesign og kunst på høgskule landa ho på den utdanninga som blei avgjerande for yrkesvalet hennar. Etter tre år på media, IKT og design i Volda og eit spennande halvår på Queensland College of Art i Australia var bacheloren i boks. Det skulle ikkje ta meir enn ein halv dag etter at siste eksamen var over, før ho fekk møte den noverande sjefen sin. Med lykkerus etter å ha fullført utdanninga si må ho ha gjort eit godt inntrykk på det første jobbintervjuet som grafisk designar.

No, elleve år seinare, meiner Hildegunn framleis at ho har den kjekkaste jobben i verda! Her får ho leike seg med design dagen lang og jobbe med alt frå grafisk materiell til større visuelle profilar og nettsider. Å få byggje ein identitet frå A til Å med alt frå logo til nettsider og visittkort er noko av det mest givande ho gjer. Dette meiner også Hildegunn er ei av dei viktigaste investeringane ei bedrift gjer – både for å bli sett og for å skape tillit. Ein visuell identitet skal raskt syne kven ein er, og kva ein gjer, skape relasjon til brukaren og gjere bedrifta lett å kjenne att i marknaden. Slik vil ein kunne nå den rette målgruppa og posisjonere seg blant konkurrentane.

Tilfeldige fakta

  • Hildegunn begynner alltid dagen med yoga og tannpuss.
  • Hildegunn prøver no å lære seg å gå på ski i ein alder av 30+.
  • Ho har høgdeskrekk, vasskrekk, fobi mot edderkoppar og kveps, og er også litt mørkeredd (det er kanskje eit under at ho lever?). Livsmålet til Hildegunn er å overvinne desse fryktene.
  • Hildegunn elskar å syngje (i skjul).
  • Hildegunn bur på landet rett ved skogen og tek gjerne morgonkaffien på trammen og studerer småfuglane på fuglebrettet. 👵🏻
  • Hildegunn elskar å reise, og er det to land ho gjerne vil tilbake til, er det Tanzania og Nepal.

Fantastiske prosjekt Hildegunn har jobba med dei siste åra

1. Hvorfor Norge

Visuell profil og nettsider
www.osberget.no/prosjekter/valg-2019

2. Ulstein Næringsforum

Nettside
www.osberget.no/prosjekter/eit-styrka-naeringsliv

 

Gå til toppen