Service point for the north sea

Måløy Maritime Group

Måløy Maritime Group består av 15 selskap som alle opererer i den maritime industrien, og ligg i nærleiken av Måløy. Til saman leverer dei ei komplett pakke av tenester – 24/7! Kjerneverdiane for MMG er kvalitet, erfaring, produktbreidde og tilgjengeligheit.

MMG har vore ein fantastisk kunde sidan 2016 – og vi har hatt gleda av å utforme alt frå store fellesstands for messer, til nettside og brosjyremateriell. I haust vart vi utfordra til å lage ein film som skulle representere alle medlemsbedriftene og den komplette pakken MMG står for.

I samarbeid med dyktige Miriam Edler, Marketing & Communications Manager i MMG, utforma vi eit konsept for filmen som skulle gjere medlemsbedriftene stolte. Vi ønskte å vise menneska og kompetansen deira. Menneska leverer kvalitet, det er dei som har erfaringa, det er dei som lager produkta – og ikkje minst er det dei som står på 24/7.

Det har vore ei sann glede å jobbe saman med Fantastiske Osberget på dette film-prosjektet. Dei har gjennom heile prosessen komt med gode input, hatt god struktur og framdrift. Ideen vi kom med vart omfavna og gjort til noko som virkelig samsvarer med kva vi hadde sett føre oss.

Eg vil også takke Herman Lersveen for mange kjekke filmdagar hos dei forskjellige medlemsbedriftene. Filmen er blitt ein flott presentasjon av menneska bak Måløy Maritime Group og kva som skjer innanfor vårt flotte kluster til eikvar tid. Vi er veldig stolte av resultatet!

Miriam Edler

Måløy Maritime Group / Marketing & Communications Manager

Klippa i filmen skulle vise heile produktbreidda og skape eit driv og ein dynamikk, utan at vi skulle måtte bruke mykje tekst eller lyd for å forklare noko undervegs. Vi valgte difor å følge ein raud tråd av «livet» til eit skip: Frå kontraktsignering, teikning, bygging – via dåp – og til skipet som er i operasjon, med alt det innebera.

I tillegg til filming, redigering og lydarbeid så har vi i pakken levert ein stilrein intro med logoanimasjon. Vi har tracka droneklipp og lagt inn lokasjonane til alle medlemsbedriftene. Heilheitlig grafikk frå intro, til supring og avslutning var viktig. Vi har også animert eit portrettoppsett av representantar frå gruppa, med overgang avslutninga: «This is MMG».

Fleire prosjekt

Gå til toppen