Vi ønsker velkomen til vårt nye Oslokontor!

bilde av Stine A og Stine J hos fantastiske osberget i arbeidssituasjon
av Fantastiske Osberget
04. oktober, 2021

Oslo-gjengen til Fantastiske Osberget har flytta inn i nye kontor på HasleLinje – eit knutepunkt mellom Hasle, Økern og Løren. Her har kreativ leiar Stine M og grafisk designar Stine A begynt å finne seg til rette, perfekt timing no som ting har begynner å opne opp att og vi kan begynne å ta imot gjestar.

I dette moderne nye området mellom Hasle og Løren finnast stilige møterom, fellesareal, kantine der vi kan invitere på lunsj, takterasse om somrane, podcast-rom og meir. Stine og Stine er klare for besøk og tek gjerne ein prat om design og marknadsføring for di bedrift, anten det gjeld ei skinande ny nettside og profil, nytt standdesign til messe, ein film som trollbind eller kanskje berre ei oppdatering av produktkatalogen? Vi gler oss til å invitere til fysiske møter framover, og det er bare å kome innom og helse på Stine M og Stine A på vårt nye kontor i Karvesvingen 5!

 

 

 

 

Gå til toppen