Ny design til verft med lange tradisjoner

Båtbygg AS

Båtbygg er eit verft på Raudeberg i Sogn og Fjordane, som vart skipa i 1943. Dei er leiande i Noreg innan reparasjon, vedlikehald og ombygging. Kvalitet og effektivitet står i fokus når dei utfører arbeidsoppgåvene sine.

I 2014 sto vi for utforminga av ny logo og designprofil. I løpet av 7 år har mykje skjedd, ikkje minst på nett. Båtbygg ville fornye drakta si, rundt logoen som består i si originale form. I tråd med trendar og utvikling innan design har vi laga eit reinare og luftigare uttrykk. Gjennomgåande bruk av ein mørk grå farge skaper eit solid inntrykk, og lar bilder, tekst og logo skinne. Bruk av designelement er nedtona, ein meir markant hovedfont er valgt, og det er gjennomgåande lagt vekt på god bruk av kontraster, dynamisk layout og tydeleg informasjonsformidling. Kombinasjonen av desse endringane gjenspeiler tyngda og fartstida Båtbygg har.

Vi har designa ei brukarvenleg og informativ side sett opp i Squarespace. Vi har også utforma ny presentasjonsmal, visittkort, rollups og annonsemalar.

Vi gratulerer ein sprek 78-åring med ny og moderne drakt!

www.baatbygg.no

Vi har hatt et strålende samarbeid med Fantastiske Osberget i forbindelse med justering av profilering. Kombinasjonen av enkel og konsis kommunikasjon sammen med svært god forståelse for oppgaven og god kunstnerisk fremstilling fra Fantastiske Osberget sin side har resultert i et svært godt produkt.

Kenneth Sekkingstad

Sales & Project Manager | Båtbygg AS

Fleire prosjekt