Tenester

Innsikt og analyse

Få oversikt med innsikt og analyse. Vi gir deg grunnlaget du treng for å ta dei gode strategiske avgjerslene for di bedrift. Data om brukaråtferd og korleis kundar samhandlar med nettstaden din, gir eit solid fundament som sikrar at di verksemd får betre utnytting av dei digitale kanalane. Vi hjelper deg med å forstå dine kundar.

innsikt og analyse heimeside-heimesida-fantastiske-osberget

Analyse og rapportering

Få full oversikt over relevante data- og bruksmønster frå kundane dine. Vi integrerer tenestene for deg, og du får eit rapporteringssystem som syner korleis din nettstadstrafikk endrar og utviklar seg over tid. Dette gir eit godt grunnlag for å ta informerte val, og for tilpassing av innhald og struktur basert på korleis nettstaden vert brukt. Du får full innsikt over kvar på heimesida kundane nyttar tid, kva dei les og klikkar på, og kvar dei fell av.

Rådgjeving og optimalisering

Ønskjer du å få betre utnytting av di heimeside? Vi analyserer din nettstad, og identifiserer endringar i innhald og struktur som sikrar ei betre oppleving for alle som besøkjer nettstaden. Du får fagleg begrunna råd om kva som bør gjerast for å nå tak i, informere, og halde på kundane dine enno betre. Gjennom grundige analyser og årevis med erfaring, kan vi stadfeste områder for forbetring, og grep du kan ta for å nå ditt digitale potensial.

Søkemotoroptimalisering (SEO)

Bli sett! Vi aukar di eksponering og posisjonen din i søkemotorane gjennom optimalisering av innhald, struktur og innlastingstid på di heimeside. For å auke rangeringa i søkemotorane, sørgjer vi for at nettstaden din imøtekjem krav til innhald, teknisk oppbygging og andre relevante kriterium som har direkte innverknad på di plassering. I etterkant får du rapport som syner effekten av arbeidet og kva aspekt som har vorte forbetra.

Innhald

Vi produserer søkbart innhald som når di målgruppe, og som imøtekjem faglege, tekniske og digitale krav til søkemotoroptimalisering. Innhaldsproduksjon kan du lese meir om her.

Driftsavtale

Vi tilbyr driftsavtalar som sørgjer for kontinuerlig arbeid og forbetring av dine kritiske suksessfaktor. Driftsavtalar kan du lese meir om her.

Prat med oss!
marius ertesvåg fantastiske osberget
Marius Ertesvåg
Digital rådgivar / Designar
Åge Grimstad
Byråleiar / designar