7 måtar å forbetre PowerPoint presentasjonen på

power-point-fantastiske-osberget
PowerPoint-nostalgi: hugsar du når dette var eit forsvarleg stilval?
av Åge Grimstad
21. september, 2020

Skal noko presenterast er bransjestandarden framleis PowerPoint. Mange legg mykje pengar i omprofilering og redesign for å framstå meir moderne og profesjonell. Den same profesjonaliteten må sjølvsagt vidareførast til presentasjonen.

Vi har samla nokon tips som vil løfte din presentasjon til eit enno høgare nivå:

1. Tenk på mottakaren

Ingen kundar er like, så bruk gjerne ein ekstra halvtime på å skreddarsy presentasjonen for den konkrete mottakaren. Publikum merkar seg at ein har lagt inn ein innsats spesifikt for dei. Dette kan i mange tilfelle vere ein avgjerande faktor.

2. Færre ord, fleire bilete

Visuelle inntrykk vert hugsa betre enn tekst. Så bruk heller tid på å finne gode og talande bilete. Med mindre tekst, unngår ein også den typiske “lese-fella”, og presentasjonen framstår meir naturleg og avslappa.

Skal presentasjonen delast ut i etterkant, kan det utarbeidast eit meir utfyllande dokument som eignar seg betre til lesing. Dette gir meirverdi for publikum, og dersom dei les dokumentet i ettertid vil dei hugse betre kva presentasjonen handla om.

 

powerpoint-clippy-fantastiske-osberget
Denne gamle Office-hjelparen har vore ansvarleg for mykje ugagn gjennom tidene.

 

3. Bevisst biletbruk

Sjølv om bilete har god effekt, bør du vere varsom. Ei stor mengd bilete kan gjere presentasjonen tregare, og i verste fall forårsake programfeil. Skal du presentere på ein ukjend PC, er det ikkje sikkert denne er like god som den du nyttar sjølv. Bruk difor tid på å finne bilete som har ei hensikt, som fortel ei historie. Bileta bør vere skarpe og i god kvalitet, men pass på at filstørrelsen ikkje er unødvendig stor. Ver varsom ovanfor © copyright.

4. Avgrens informasjonsmengda

Kort ned tekstmengda, hald fokus på dei viktigaste hovudpunkta, og repeter dei gjennom presentasjonen. Repetisjon sikrar at dei som høyrer på lettare hugsar hovedpoenget med presentasjonen.

Fjern gjerne uviktige fyllord som ikkje forsterkar og er avgjerande for at hovudbodskapen når mottakaren.

5. Hald det enkelt

Dei mest imponerande PowerPoint-presentasjonane er dei som vert hugsa. Så ver merksam på å halde deg innafor ein fastsett og enkel mal. Varier gjerne innafor denne, men med måtehald. Ta hensyn til publikum, og vel fargekombinasjoner som passar saman og som fremjar lesbarheit. Nyttar ein same skrift, storleik, plassering av bilete og element, osv. gjer ein det enklare for publikum å henge med. Det tryggaste er å nytte designprofilen: då er ein sikra eit fagleg utarbeida grunnlag for det visuelle uttrykket. 

 

powerpoint-farger
Der finnast nok av uheldige fargekombinasjonar ein bør unngå. Om det svir i auga, er ein på feil spor.

 

6. Begrens effektar

Bruk bilete- og lydeffektar varsomt. Sjølv om PowerPoint har uendelig med moglegheiter, er det ikkje alltid lurt å benytte seg av alle, samtidig, på kvar slide. Høg effektbruk kan gjere det vanskeleg å navigere seg fram og tilbake i presentasjonen undervegs, dersom det er behov for det. Ein flyttar også fokuset vekk frå bodskapen som skal formidlast.

 

powerpoint-nostalgi-fantastiske-osberget
Det er lett å la seg rive med av effektar. Sjølv når ein lagar døme på kva ein ikkje skal gjere. Laga på makewordart.com

7. Øving gjer meister

Til slutt: Øv til du er trygg på at du faktisk kan presentasjonen, og at du kan presentere den på ein avslappa og naturleg måte. Dette er betre for både deg, og dei som skal høyre på.

Bonus: start med den generelle målgruppa

Ofte får ein uventa forespurnadar om å presentere noko. Difor er det lurt å ha ein generell PowerPoint-presentasjon tilgjengeleg som kan nyttast til ei kvar tid. Får ein ei henvending på kort varsel, ligg grunnlaget allereie klart. Dessutan kan ein generell presentasjon raskt og enkelt tilpassast eit meir konkret publikum.

Presentasjonen bør utarbeidast etter den generelle målgruppa. Er ein usikker på kven dette er, kan ein få svar på dette gjennom sporing av data- og brukartrafikk på heimesida. Verktøya ein nyttar gir ein prosentvis oversikt over alder, kjønn og geografisk plassering til alle som besøker heimesida.

Gå til toppen