CTA: Kva, kvifor, kvar, korleis? 5 tips!

illustrasjon av cta til blogginnlegg
Å oppfordre kundane til å gjennomføre ei konkret handling er ein viktig del av den digitale marknadsføringa
av Fantastiske Osberget
18. januar, 2022

I dette blogginnlegget forklarar vi alt om CTA, og fem tips til korleis du på best mogleg måte kan oppfordre kundar til å gjennomføre verdifulle handlingar på nettsida di.

Har du nokon gong registrert di interesse for eit produkt eller ei teneste på internett? Har du gjort som meg, fins der nok ti- til hundretals aktørar som har fått di e-postadresse grunna ein treffande CTA som overtydde deg til å gjennomføre denne handlinga.

Kva er CTA?

Eit klikkbart element som oppfordrar brukarar til å utføre ei konkret handling.

Begrepet CTA betyr «call-to-action». Ein CTA er eit klikkbart element, ei lenkje, knapp, eller bilde, som har som mål å forføre eller oppfordre dine potensielle kundar til å utføre ei bestemt handling.

eksempel på cta blogg osberget
Illustrasjonen viser ulike former for CTA.

 

Kvifor bruke CTA?

Fordi ein styrer kundereisen betre, og hjelper brukaren finne fram til viktige interesse-, kontakt- eller salspunkt.  

Med ein CTA kan du samle inn «leads», interesse, data eller kontaktinfo samtidig som du fører potensielle kundar mot eit sals- eller kontaktpunkt. CTA er ein viktig komponent for kjøpsreisen til dine kundar, og ofte første steg nedover i salstrakta.

I grafikken nedanfor gjer kunden ei handling. Handlinga vert registrert via ymse verktøy, og vidare vert kunden plassert i ei målgruppe i eitt eller fleire annonseverktøy. Etter kort tid vil målgruppa – inkludert kunden nedanfor – få vist annonsar for produktet eller tenesten det blei vist interesse for.

CTA er ein svært god måte å spore verdifulle potensielle kundar på. Med denne metoden tilspissar du annonseringa til brukarar som har vist faktisk interesse for produktet eller tenesta. Sannsynlegheita for at kunden kjøper dine produkt eller kontaktar deg aukar. Annonseringa vert også meir effektiv, både med hensyn til kostnad, og nedslagsfelt.

salgstrakt for cta og markedsføring
Med CTA kan du leie dine kundar ned salstrakta. Ha ein CTA for kvart steg i trakta, og sjå om den spesifikke CTA-en gir ønska effekt for sitt område.

Ein CTA kan du bruke til å få brukarar til å

  • fylle ut eit skjema
  • få meir informasjon om eit produkt eller teneste
  • melde seg på eit nyheitsbrev
  • melde seg på ein event
  • nytte seg av eit tilbod
  • laste ned ein ressurs (brosjyre, katalog osv.)
  • følge verksemda på sosiale medium

Bruk fleire typar CTA, gjerne med fleire formål. Med CTA kan du eksempelvis samle inn data, samtidig som du får brukarane dine til å utføre verdifulle handlingar som har god effekt i seg sjølv.

Kvar skal ein bruke CTA?

I alle kanalar, på ein godt synlig plass, der eit klikk er eit naturlig steg vidare for brukaren.

På slutten av ein nyheitssak, produktside eller i nyheitsbrevet er det lurt å plassere ein CTA, slik brukaren enklare får navigere seg vidare til neste interessepunkt.

Meir generelt høyrer CTA til i alle digitale kanalar og kan nyttast nærmast kvar som helst. Det er derimot viktig at plasseringa har eit mål og er tilpassa brukar og kontekst. Kundar som t.d. er påmeldt nyheitsbrevet befinn seg i eit annan steg i salstrakta enn kundar som opnar heimesida di for første gang.

Eksempel på kanalar:

  • heimesida (gjerne fleire plassar)
  • nyheitsbrevet
  • sosiale medium
  • annonsar
  • nyheiter og blogginnlegg
webdesign som viser plassering av CTA
Samanlikning av nettside utan og med (noko overdreven) CTA. Dei klikkbare elementa styrkar kundereisen betrakteleg. Brukaren vert aktivt leia vidare med fleire CTA som inviterer til ytterlegare handlingar og interessepunkt.

Korleis bruke CTA? 5 tips!

1. Hensikt

Konkretiser hensikta med CTA-en. Er målet å få meir trafikk på nettsida, få interessentar som du kan følge opp seinare eller skape interesse for eit tilbod eller ein kampanje. Bruk gjerne fleire CTA til forskjellige formål. Prøv å ha ein på kvar side (t.d. nær botnen) for å aktivt leie kundane dine vidare til neste handling.

2. Design

For å drage merksemd mot CTA-en må designen skilje seg ut samanlikna med nærliggande element. Samtidig bør den stå i stil med resten av designen. Du kan også vurdere kva format som er mest hensiktsmessig. Skal det vere bilde, tekst, video, knapp?

3. Plassering

Gjer CTA-objektet godt synleg. Sørg for at den er iaugefallande, og at du vel ei plassering ved eit naturleg blikkfang. Bruk også faste plasseringar. Ein CTA som konsekvent befinn seg i botnen av artiklar eller undersider sikrar at brukaren alltid har noko spennande å klikke på.

Bonus: test ut forskjellige plasseringar (evt. plassere objektet fleire stadar), og vel den med best effekt. repeter objektet i andre medium, t.d. i nyheitsbrev eller i sosiale medium.

Illustrasjonen syner korleis brukarar fører blikket på nettet, og kvar det kan være lurt å plassere ulike objekt. 

4. Bodskap

Eit tydeleg bodskap gir best effekt. Unngå misforståing, og gjer det tydeleg kva som skjer når ein klikkar på CTA-en. Bruk aktiv oppfordring, t.d. “Last ned produktkatalogen her”, “Meld deg på vårt nyheitsbrev”, eller “Få gratis synfaring” osv.

5. Mål og analyser

Med verktøy som Google Analytics, Facebook Pixel eller Hotjar kan du sjå korleis dei besøkande brukar nettsida di. Klikkar dei på CTA-ane du har sett opp? Ta ein jamn fot i bakken og undersøk kva effekt dei forskjellige CTA-ane har gitt, og om dei faktisk vert brukt. Hvis ikkje må ein vurdere å endre bodskapen, bytte plassering, redesigne uttrykket eller andre tiltak. Kanskje nettsida fullt ut treng ei overhaling?

 

Gå til toppen