Heimesida som forenklar kvardagen

heimesida-fantastiske-osberget-heimeside
Heimesida er meir enn eit visittkort.
av Fantastiske Osberget
24. august, 2021

Heimesida er meir enn eit veldig dyrt visittkort. Heimesida er eit verktøy som skal forenkle kvardagen. Fleire og fleire av dei daglege prosessane kan ein outsource til nettsida, noko som kan gi meir tid og fokus til viktigare oppgåver.

Nettet byr på uendelege moglegheiter, og som byrå finn vi ofte digitale løysingar på problem som kundane våre står ovanfor. Anten det handlar om å informere, forenkle eller selje, er nettet ein god og kostnadseffektiv stad å starte.

Det er ikkje alltid ein har konkrete problem som heimesida skal løyse. Difor har vi sett opp nokon grunnleggjande prinsipp som gjeld for alle. Vi meiner at alle nettsider kan og skal:

  1. Auke synlegheita
  2. Styrkje merkevaren
  3. Byggje kundemassen
  4. Effektivisere prosessar

Korleis, forklarer vi nedanfor.

Synlegheit med SEO

Søkemotoroptimalisering (SEO) gjer deg meir synleg. Ved å tilpasse innhaldet på nettsida di kan du rangerast som eit meir føretrekt treff av søkemotorar som Google. Slik kan du hamne høgare oppe i relevante søk. Alle nettsider blir vurderte etter visse kriterium, og det er i stor grad innhaldet på nettsida som styrer om du kjem høgt eller lågt i søkeresultatet.

Eitt av kriteria for å kunne seie at ein har ei god heimeside, er om ein dukkar opp i relevante søk. 

Les: Innhald er viktigare enn nokon gong

seo-heimeside-heimesida-fantastiske-osberget
Testar kan avdekke problem som gjer heimesida mindre søkevennleg.

Styrk di digitale merkevare

For å styrke merkevara er det viktig å skape trafikk. Søkemotoroptimalisering er som nemnt ein god måte å lykkast med dette på. Vidare må du vurdere kva kanalar du ønskjer å vere til stades i. Eit nyttig og enkelt tiltak er å ta i bruk sosiale medium med det mål å få fleire følgarar, og vidare auke trafikken til heimesida.

Dei fleste verksemder eksisterer i dag både fysisk og digitalt. Vi menneske er blitt avhengige av smarttelefonar og datamaskiner, og det første besøket i ei ny verksemd skjer gjerne digitalt.

Les: Finn kundane deg på nettet?

kanalar-sosiale-media-fantastiske-osberget-heimesida
Kva kanalar ein skal byggje merkevaren i kjem ofte an på kvar målgruppene er.

Nå kundar med annonsering

For å nå ut til nye og eksisterande kundar er digital annonsering eit godt og kostnadseffektivt tiltak. Ein lykkast ofte raskt med å nå potensielle kundar med søke-annonsar på Google eller målretta annonsering i sosiale medium. Ein kan annonsere svært generelt, eller iverksette konkrete kampanjer i forsøk på å nå kundane.

Annonsering er ein rimeleg og enkel måte å komme i gang med å skape trafikk på. Meir trafikk gir betre rangering i nettsøk, og aukar sjansane for å nå nye kundar.

Les: Har du råd til å ikkje annonsere?

heimeside-annonsering-fantastiske-osberget
Søkeannonser er ein god, kostnadseffektiv måte å få merksemd på.

Spar tid i kvardagen

Alt etter kva type verksemd du driv, finst det ei rekkje verktøy som kan gjere kvardagen enklare for deg. Dersom du driv restaurant, kan du til dømes skaffe deg verktøy for online bordreservering. Driv du med utleige, kurs eller andre tenester, kan du implementere booking- eller bestillingssystem som bidreg til å effektivisere tradisjonelle prosessar.

Få ei levande heimeside

Det er ikkje lenger så enkelt at lansering av ny heimeside markerer eit ferdig utført arbeid. For at du skal lykkast digitalt og kunne yte godt, må heimesida leve. Sida må kontinuerleg tilpasse seg og respondere på kundane sine atferdsmønster og behov for informasjon. Bruk av big data og sporing av besøksaktivitet avdekker kvar på heimesida der finst potensial for forbetring.

Uansett kva ein vil oppnå, er verktøy for datainnsamling og sporing essensielt for å halde heimesida levande, sikre eit godt grunnlag for forbetring, og tilpasse heimesida til kundane sine bruksmønster.

Les: Marknadsfør deg med big data

Utover dette må ein også rekne med å tilpasse seg nye trendar innan design og teknologi, nye behov og meir skreddarsydde løysingar som gjev kundane meirverdi.

Gå til toppen