Hjelp, eg skal på messe!

av Stine Mari Johnsen
03. januar, 2023

Du har bestilt deg nokon kvadratmeter plass på ei messe ein eller anna stad. No skal du fylle den med innhald av eit eller anna slag, og dekorere med noko som både er fint og gir rett inntrykk. No kjem dei harde vala: kva vil/skal/eg ha?

Større messer

Det beste er ein fullverdig stand med dekor på veggane, møbler, disk, og kanskje bakrom og skjerm. Der vil du at dekoren skal vere tilpassa messa, med oppdatert tidsriktig design som framhevar eit fagfelt, produkt eller merkevara di. Standen skal få god merksemd, tiltrekke publikum og vere ein hyggeleg stad å opphalde seg for staben.

Mindre messer

Kanskje treng du berre ein praktisk popup-messevegg som du kan ta med deg på mange messer framover. Då skal den vere lett å frakte og setje opp sjølv. Du kan ha informasjon som er generell og passar i mange settingar. Det går også an å bestille fleire variantar av print tilpassa ulike marknadsområde. Eit nyttig tips er å bestille ein disk som også fungerer som ein trillekoffert for veggen!  Det er mange variantar å velje mellom av både stil, storleik og materiale.

Enklare løysingar

Vil du ha noko veldig lite? Kanskje passar det deg best å berre ha eit utval rollups, der du kan ta med den eller dei som passar og sette opp saman med ein liten disk. Du kan faktisk få disk med plass til å frakte fleire rollups i, pluss lys å feste på kvar enkelt. Ei økonomisk løysing som likevel kan bli flott.

Snakk med røynde messefolk!

Design og prosjektstyring for stand og messemateriell er noko vi i Fantastiske Osberget leverer heile året, til ulike marknadar, både nasjonalt og internasjonalt. For produksjon av stand, bygging og trykk, samarbeider vi med gode leverandørar. Snakk med oss om dine behov, vi kan gi nyttige tips og råd om kva, korleis og til kva tid. Vi hjelper også ofte våre kundar med bestilling av teknisk leveranse til messa.

For mindre messer og treff er det ofte nok med ein popup-stand som ein kan frakte og sette opp sjølv. Men på større eller meir profilerte messer er det på sin plass med ein skikkeleg flott stand. Skal du først bruke tid og krefter og ikkje minst marknadsbudsjett på ein slik stand så lønner det seg å gjere det så skikkeleg som mogleg i alle ledd. Frå konsept og dekor til møblar og skjerminnhald.

Vi anbefaler å ta oss med på eit planleggingsmøte for det komande året med messedeltakingar. Saman kan vi sette opp ein messekalender, utvikle konsept, retningslinjer for designet, planlegge innhald og hente inn pakketilbod på messebygging. Du får eit samla tilbod, god oversikt over budsjett, og ein designmal som sparer både tid og midlar samanlikna med å ta det oppstykka for kvar messedeltaking.

 

Kva skal du gjere?

Ring oss for ein hyggeleg messeprat! 😊

Gå til toppen