Innhald er viktigare enn nokon gong

Godt innhald er viktig for å lykkast på nettet.
av Marius Ertesvåg
13. november, 2020

Konkurransefortrinna på internett flyttar seg stadig. Tidlegare var design faktoren som definerte kva som var ei vellukka heimeside. Dette har endra seg. For i 2020, når god design nærmast er blitt sjølvsagt, har fokus på innhald og tilhøyrande kriterium teke over definisjonsmakta.

Google pressar fram utvikling

Eitt av kriteria for å kunne seie at ein har ei god heimeside, er om ein dukkar opp i relevante søk. Her regjerer Google i så stor grad at dei fjernar nettsider som ikkje følgjer retningslinjene dei legg fram.

Før handla det om design. For å modernisere nettet, starta Google å fjerne nettsider som ikkje var mobiltilpassa frå søkeresultata. Verksemder verda over hadde ikkje anna val enn å innordne seg.

No er fokuset flytta over på innhald. Krav til språkleg presisjon, relevans og tydelegheit er vorte skjerpa.

Relevant informasjon

Dersom aktørar som Google og Microsoft (bing) skal bli føretrekt som søkemotor, må dei gi kundane gode resultat. For å klare dette, analyserer selskapa millionar av nettsider kvar einaste dag. Analysearbeidet vert utført av søkerobotar som heile tida leiter etter innhald som kan seie noko om kva dei ulike nettsidene omhandlar. Innhald som er beskrivande, og som søkerobotane enkelt kan fange opp, er fyrste bud for å klatre i søkeresultata.

søkemotoroptimalisering-seo-fantastiske-osberget
Omformulering av bodskapen gjer det enklare for søkerobotar å tolke heimesida.

Den menneskelege faktor

Sjølv om søkerobotar er med på å bestemme kvaliteten på innhaldet, er også menneskelege faktorar teke i betraktning. Når ein får besøk på heimesida, er det viktig å ha innhald som forlenger besøket. At folk nyttar tid på sida og at innhaldet samsvarar med søkeresultatet vitnar om innhald som fungerer.

Innhald for kundane, ikkje for robotar

Ein skal ikkje låse seg fast i tekniske kriterium. Sjølv om tidsbruk og brukaraktivitet er gode rettesnorer, er det viktigare at kunden når tak i informasjonen han søkjer. Ein tekst treng ikkje ha høg teknisk kvalitet for å utføre si rolle. Bak kvart søk ligg ein intensjon, og det er denne intensjonen ein bør forsøke å tilfredstille. For å forstå brukarane betre kan ein anvende big data som gir oversikt over kriterium som tidsbruk og fluktfrekvens.

google-analytics-fluktfrekvens
Google analytics kan ein konsultere dersom ein vil ha fleire detaljar om aktiviteten på sida.

Få trafikk med annonsering

Sjølv om innhaldet er godt treng ein også eit publikum. Dersom ein har problem med å skaffe organiske treff på sida, kan ein forsøke å annonsere i søkemotorane. Her kan ein velje kva søkeord ein ynskjer å annonsere seg for, og får prioritert plassering i søk etter dei valde orda. Ein vil raskt sjå ei auke i både organiske og betalte treff etter annonseringa er starta.

Treffsikkert innhald

Vi gjennomfører stadig analysar av innhaldet på nettsidene vi leverer for å avdekkje kvar innhaldet kan forbetrast. Med dei rette verktøya kan vi sjå kva sider kundane bruker tid på, kvar innhaldet tilfredsstiller, og kvar det er forbetringspotensial. Vi ser kor viktig det er å produsere innhald som møter tekniske kriterium, men vi skriv først og fremst for menneska som skal lese teksten. Med denne tilnærminga er mange av kundane våre blitt løfta høgare opp i søkjeresultata, og oppnådd auka synlegheit.


Vil du komme i gang? Vi hjelper med idéar, planlegging og gjennomføring. Kontakt oss for meir info!