Møt vår nye kollega, Nazar Plakhotniuk

Nazar Plakhotniuk er ny medarbeidar.
av Magne Grimstad jr.
04. oktober, 2025

Nazar (42) kjem frå Kiev i Ukraina og flytta til Ulsteinvik saman med kona og dei tre barna sine hausten 2024. Familien måtte flykte frå krigen, først med tog til Polen og deretter med fly vidare til Noreg. Etter nokre veker i Oslo fann dei seg heim i Ulsteinvik – og her trivst dei godt.


– Her er livet rolegare enn i Kiev, og det set eg pris på, fortel Nazar.

Når han ikkje programmerer, likar han å dra på fisketur, trene på treningssenteret og ikkje minst følgje opp barna.

– Det betyr mykje for meg å kunne vere saman med familien min og gi dei tryggleik i kvardagen.

Nazar har utdanning og mange års erfaring innan webteknologi og webutvikling frå Kiev. Hos Fantastiske Osberget får han bruke kunnskapen sin til det han likar aller best – å programmere. Han har brei erfaring med ulike programvarer for etablering og vedlikehald av nettsider, og i tillegg solid kjennskap til grafiske verktøy.

– Eg trivst veldig godt her. Det er kjekt å kunne bidra og vere ein del av teamet, seier Nazar med eit smil.

Nazar er far til tre.

Heime i leiligheita i Kiev.

Bedriftsquiz frå jobben i Kiev.

Gå til toppen