Tipp topp tips om tekst

tekst og typografi
av Lena Johnsen
17. mars, 2023

Tekst, typografi og titlar – alt har noko å seie. I designverda brukar vi mellom anna tid på å velje ut flotte fontar for designprofilen din. Endeleg uttrykk for teksta spring ut frå kva slags marknad du er i, kva verdien og visjonen din er, og kva som gjer deg unik. Og ikkje minst kva som treffer di målgruppe!

Fontane du får kan vere valt ut for at dei gir eit bestemt inntrykk. Det kan vere formar som er leikne og moderne, runde og varme, eller meir rettlinja og harde. Kva som fungerer styrast også mykje av marknaden, kva som er i vinden, og bruksområde. Ein god designar vil kunne sette seg godt inn i ditt firma og din marknad, og halde seg oppdatert på trendar – slik at du treff godt med din profil der du skal vere synleg.

I tillegg til alt dette må ein velje fontar som fungerer godt for både trykk og digital, og er lette å arbeide med i dei media som er aktuelle. Når du får utvikla ein profil så set vi opp fontar for mengdetekst, titlar og undertitlar i profilhandboka di.

Men der er mange andre punkt for visuelle inntrykk i arbeid med tekst som også kan vere nyttig å få med seg.

1. STORE vs små bokstavar

Det kan vere freistande å skrive til dømes titlar eller ting som skal uthevast særleg med store bokstavar. Sjølv når vi veit at inntrykket ein får av å lese store bokstavar ofte er nokon som ropar orda til deg.

Nokre gongar kan det passe seg med ein skrikande tittel, men da er også viktig å ta omsyn om at store bokstavar er vanskelegare å lese enn små. Brukar du store bokstavar i ein tittel bør den ha få ord, og god luft mellom bokstavane.

Kvifor er det VANSKELEGARE
Å LESE DETTE, enn dette?

Jo! – fordi vi ikkje les ein og ein bokstav, men heller ser på forma som orda utgjer.

STORE BOKSTAVAR:

Her har alle bokstavane lik høgd. Når auget skannar teksta må vi bruke meir hjernekraft på å skilje bokstavane frå kvarandre. Det fører til at vi leser ein og ein bokstav i ordet, og brukar meir tid.

Små bokstaver:

Her får vi visuelle hjelpemiddel av mykje bevegelse og ulik høgde som gjer at vi lett skil bokstavane frå kvarandre. Når vi skannar teksta ser vi difor med ein gang kva ordet er.

2. Kontrast

God kontrast mellom tekst og bakgrunn er veldig viktig, og ein av reglane som må følgast med omsyn til universell utforming. Det er kjekt å leike seg med fargar og bilete, og mykje kan fungere for eit individ som sit og lagar til visuell kunst. Men for eit større publikum må ein hugse på at utforminga skal vere like tilgjengeleg for alle. God kontrast gjer også formidlinga tydeleg.

Det er mange fargar og nyansar som fungerer i grenseland, men for å vere heilt heilt sikker bør ein berre følgje regelen at det anten er veldig mørk tekst på veldig lys bakgrunn, eller omvendt.

Ligg det bilde bak teksta, pass på at tekst hamnar i eit roleg område av bildet, som gjerne er einsfarga.

Kontrast for tekst

3. Luft

Luft er området som er tomt mellom figurar. Område mellom to bokstavar, mellom ord, mellomrom mellom linjer, og mellom avsnitt. Ein designar vil gjerne finne den perfekte fonten for din profil som gir det rette inntrykket. Eit av områda som vert analysert er bruken av luft, i kombinasjon med den valde fonten.

4. Tekst som eit visuelt verkemiddel

God bevisst bruk av fontar som er lesevennlege, med god luft og fargekontrast er faktisk viktigare enn rettskrivinga når det kjem til sjølve formidlinga av informasjon. Mange har sikkert sett dette eksempelet som gjekk viralt for nokre år sidan:

Ifgøle en udnerrøkslese ved cmarbigde uinevrisett sipller det ignen rlloe i hvliken røfgekkele boktsvanee er. Det estnee som er vkitig er at fstøre og stise boksatv er på rktiig setd, retsen kan vræe hltuer til bluter og du kan ftotsart Lsee uetn prblomeer. Dtete er frodi den mnesnekliege hrjene ikke lseer hevr boksatv for seg slev, men odret i sin hleeht. Mrekleig ikke snat ?

God rettskriving er sjølvsagt framleis veldig viktig, særleg om ein vil bli oppfatta som ein seriøs aktør. Men det er noko å tenke på når ein skal formidle noko for eit publikum.

Det visuelle uttrykket er ikkje begrensa berre til biletet du brukar, logo, fargar og fontar. Men også kvar du plasserer teksten, og korleis du set opp titlar, undertitlar og mengdetekst. Slik at du gir god kontrast, luft og lettar arbeidet til lesaren som skannar teksta.

Gå til toppen