Skap merksemd og gjer deg forstått med illustrasjon

illustrasjon
av Stine Mari Johnsen
03. februar, 2020

Kjenner du igjen situasjonen? Du har bestilt ei annonseflate, til dømes i ei avis, på ein plakat eller i ein banner på ei nettside. Du har mykje du vil fortelje om bedrifta di, og det er vanskeleg å velje ut nokon få punkt.

“Dette er vanskeleg å forklare med få ord”, tenkjer du gjerne. Kanskje formatet krevjar kutting av viktig tekst eller redusering av skriftstorleik og lesbarheit i rein desperasjon. I verste fall blir resultatet ein vegg av informasjon som ingen tek seg tid å lese.

Fenomenet er ikkje ukjent. Anten du har eit nytt produkt eller ei ny teneste som er teknisk vanskeleg å forstå, krevst det gjerne ei forklaring. Når ein ikkje kan snakke med og forklare konseptet personleg til kvar einaste kunde kjem illustrasjonen til sin rett.

Kva er ein illustrasjon?

Kjært born har mange namn, og ikkje alle har det klart føre seg kva ein illustrasjon eigentleg er. Ein forbinder gjerne illustrasjonar med flotte teikningar eller karikaturar vi ofte ser i aviser og magasin. Enkelt sagt er ein illustrasjon eit bilete som formidlar informasjon, ein bodskap, eller ein idé. Ofte i samanheng med ein tilhøyrande tekst. Det finst mange illustrasjonsteknikkar å velje mellom. Handteikning, måleri, collage, foto, grafikk, 3D-visualisering og mykje meir.

Her kjem nokre fordelar med å nytte illustrative verkemiddel:

1. Eit bilete seier meir enn tusen ord

…seier klisjeen, og vi er ikkje snauare enn at vi påstår at dette kan gongast med ti når det kjem til illustrasjon. I den illustrative verda kan du blande ekte bilete, teikningar, 3D-visualiseringar og tekst. Du kan leike deg med proporsjonar og visualisere tal på leikne måtar. Du kan vere humoristisk eller skape ei stemning eller eit humør for mottakaren. Stilen du vel på illustrasjonen, anten det er ein romantisk akvarell eller ei skinande glatt 3D-visualisering, er med på å byggje merkevara di. Innhald er viktigare enn nokon gong, og dette gjeld også det visuelle.

2. Skap eit blikkfang

Der din visuelle identitet skal vere ei profesjonell og unik innpakning med lang levetid, kan illustrasjonen bryte med det uniformerte utrykket og gi eit minneverdig blikkfang. I tillegg kan illustrasjonen få eit tidsriktig uttrykk som er i tråd med – og kan tilpassast – aktuelle hendingar i mediebildet, og i populærkulturen generelt. Dette er ein ypperlig måte å halde den visuelle kommunikasjonen levande og oppdatert på, utan at det går på bekostning av den etablerte visuelle identiteten.

3. Høg gjennbruksverdi

Sørgjer du for å få utarbeidd éin eller fleire gode illustrasjonar som visualiserer bedrifta sitt virke, vil du ha store gjenbruksmoglegheiter. Ofte kan ein hente ut ulike utsnitt, forstørre eller forminske visse delar, skifte fargar eller på anna vis variere bruken av ein illustrasjon. Han kan nyttast som blikkfang på ei nettside, i PowerPoint-presentasjonen din, som hovuddelen av ein annonse, eller han kan blåsast opp på ein 4 meter høg messevegg. Seljarane i verksemda di vil setje pris på å ha noko visuelt å snakke ut ifrå.

4. Animere – eller gjere interaktivt

Når vi først har illustrasjonen på plass, kan vi ta det endå eit skritt vidare. Med illustrasjonen som underlag kan vi skape ein levande animasjon med rørsle i biletet. Dette kan vere i form av ein enkel GIF som gir merksemd på sosiale medium, eller som ein lengre animasjonsfilm som fortel om eit produkt. Kanskje ønsker du til og med ein interaktiv presentasjon der kunden aktivt kan bruke illustrasjonen til å klikke seg vidare og hente ut meir informasjon? Moglegheitene er mange når illustrasjonen først er på plass.

 

For kunden vår Reknes blei det utarbeidd ei rekkje illustrasjonar i tråd med den visuelle identiteten deira. Desse blei så animerte for bruk på mellom anna skjermar på messer.

Gå til toppen