Film: Nytt produkt minimerer risikoen for fiskerømming

Servi Group

Servi Group har eksistert i over 100 år, og er ein leiande leverandør av hydraulikk og tilhøyrande teknologi. Produktet CleanPump er ein del av konseptet CleanFarm, med energieffektive og smarte løysingar til havbruksnæringa.

Fantastiske Osberget fekk oppdraget med å lage ein presentasjonsfilm. Målet var å syne målgruppa korleis CleanPump reduserer rømmingsfare, og samtidig aukar effektivitet og berekraft.

Filmen skulle nyttast på mange ulike flater, derfor brukte vi korte og beskrivande tekster. Det er også ei god løysing når filmen skal leverast på fleire språk, som her.

Med variert bruk av illustrasjon og animasjon har vi skapt ein unik og stemningsfull produktfilm.

 

 

«Fantastiske Osberget har vært dedikert i å forstå vårt produkt Servi CleanPump. De kom tidlig med et godt manus, og tok visuelle ønsker på alvor. Vi er veldig fornøyd med sluttresultatet som glei rett inn i uttrykket til vår nysatsning: Servi CleanFarm.»

Frida Gjøby

Digital markedsfører, Servi Group

Illustrasjon og animasjon

Oppdraget vart løyst med ein kombinasjon av 2D-animasjon for å syne produktet i bruk, og nærbilde i 3D av høg kvalitet. Scenene i 2D er illustrert i vektorformat, med visuell stil i tråd med konseptet Servi CleanFarm. Den minimalistiske stilen gir fokus på det som skjer i og rundt fiskemerden.

Nærbilda i 3D er basert på underlagsfiler frå kunden, teksturert og lyssett for å matche tidlegare produktfilmar frå Servi.

Grafikken i starten og slutten er utforma for å skape gjenkjenning mellom Servi Group og Servi CleanFarm.

 

Fleire prosjekt