Rekneskapsbyrå med ny logo

Reknehuset

Reknehuset er eit rekneskapsbyrå med kontor i Ulsteinvik og Ørsta. Selskapet er resultatet av ei samanslåing mellom Balanse Rekneskap i Ulsteinvik og Rekneskap Høydalsvik i Ørsta, og består i dag av 15 tilsette.

Reknehuset ønska seg ein ny logo som bevarte ein del av uttrykket og gjenkjenninga til den gamle logoen til Rekne. Vi bevarte difor den mørkegrå og grøne fargen, dei runde formane og tjukke strekane. I tillegg teikna vi eit nytt logosymbol basert på det gamle med sky og plussteikn, som står for skybasert og meirverdi. Det nye logosymbolet fekk eit meir minimalistisk og stilreint uttrykk, samt ny plassering for å balansere ut det nye og lengre namnetrekket. Resultatet er ein moderne og stilrein logo som kan gi gjenkjenning til Rekne sin gamle logo, og som har eit profesjonelt uttrykk.

Vi gratulerer Reknehuset med nytt namn og logo!

 

Fleire prosjekt

Gå til toppen