Yogano er eit nyoppstarta yogastudio i Ulsteinvik. Tidlegare har eigar Linn Urke Osnes drive under namnet Bygdeyoga, men har no endra namn til Yogano der vi i Osberget fekk vere med i prosessen med å skape ein frisk og moderne identitet. Namnet har Linn valt utifrå kva yoga handlar om – å finne fokus og vere til stades, her og no.