Animasjonsfilm for vaktapp

Manpower

Manpower er eit leiande selskap innan rekruttering og bemanning i Noreg. Med Vaktappen gjer dei det enkelt, raskt og fleksibelt å legge ut og booke ledige vakter.

Bodskapet frå Manpower er at appen er svært enkel i bruk, noko som sparer tid og ressursar for alle involverte. Løysinga på utfordringa vart å lage ein film i tre delar, som fungerer kvar for seg eller i ein samanheng.

Filmen startar med ei lita historie frå kvardagen. Ein avslappande kveld vert avbrutt av melding om sjukdom, og leiaren må brått finne nokon som kan fylle ei ledig vakt. Løysinga er heldigvis enkel, fleksibel og rask: Vaktappen. Denne første delen kan også nyttast aleine som ein teaser, for å vekke interesse hos målgruppa.

I del 2 og 3 har vi gitt liv til skjermbilder frå appen med motion graphics. Her får kundane opplæring i oppretting og booking av vakter, og bruk av favorittlister.

Fantastiske Osberget har stått for idé, manus og storyboard – i godt samarbeid med Manpower. Vi har reinteikna skjermbilder frå appen, illustrert scenene, animert og redigert. Resultatet er ein leiken animasjonsfilm i livlige fargar – med tydeleg bodskap.

"Takk for en god og kreativ prosess! Dere forstod behovet vårt raskt, og sluttresultatet ble akkurat slik vi hadde håpet på!"

Richard Øverland

Regiondirektør Østlandet, Manpower

Fleire prosjekt