Kaffi i verdsklasse

Tim Wendelboe

Tim Wendelboe er ein kaffebrennar og kaffebar lokalisert i Oslo. Der brenn og serverer dei kaffi i verdsklasse som har vore med på å sette Oslo på kartet som ein kaffiattraksjon blant «kaffinerdar».

Tim Wendelboe videofilm

Sidan 2019 har Osberget stolt kunne seie at vi har Noregs største kaffi-kjendis blant skaren vår med flotte kundar. Og med vår mediepotet Glenn sitt meir enn 5 års samarbeid og over 55 redigerte videoar er dette eit samarbeid vi set stor pris på. Tim er veldig flink både til å snakke foran kameraet og filme sine reiser rundt omkring i verda på leiting etter dei beste kaffibønnene. Vi har både redigert video Tim filmar sjølv, og hjelp til med filming når han smakar kaffi i lokale trakter.

I tillegg til videografikk til filmane, som byggjer på Alexander Flammier sitt flotte arbeid med Tim Wendelboe sin visuelle profil, har vi fått laga logoanimasjon for Tim Wendelboe sin logo. Denne kan du sjå under.  På nettstaden til Tim kan du også sjå videoane vi har redigert for “Coffee tasting with friends”. Om du er interesserte i å smake Tim Wendelboe sin kaffi så har han også nettbutikk og kaffe-abonnement!

Fleire prosjekt

Gå til toppen