Modernisering av nettside for medlemsbedrift

Måløy Maritime Group

Måløy Maritime Group består av 15 selskap som alle opererer i den maritime industrien, og ligg i nærleiken av Måløy. MMG jobbar for å løfte fram medlemsbedriftene sin kompetanse og breidde både her i Noreg og internasjonalt.

Ting utviklar seg raskt på nettet, og det er viktig å fornye seg med jamne mellomrom for å halde fram med å vere oppdatert og relevant. Nokon gongar er det ikkje så mykje meir enn ei oppdatering av designet og strukturen som skal til.

Nettsida til Måløy Maritime Group vart laga for nokre år sidan, og det var no tid for ei modernisering. Fargar og fontar består, men sida har fått ny struktur, fleire bilde, plugin som syner dei siste innlegga frå Instagram, og eit meir tidsriktig design. Nettsida har gått vekk frå å vere ei one-page-side, til å ha ei eiga side per menypunkt med ekstra snarvegar til undersidene på forsida. Sidene til medlemmane har også fått eit nytt design, men bedre struktur, bildegalleri og kart.

Vi takkar for godt samarbeid!

Sjå nettsida her

Fleire prosjekt

Gå til toppen