Kyrkja i Ulstein – eit ankerfeste i tida

Ulstein sokn

Over kyrkjedøra vår rita kyrkjebyggarane i si tid inn ord frå Salme 100: Gå gjennom hans portar med takkesong. I 170 år har folket gått gjennom portalen med desse orda. Somme gonger med takk over eit nyfødd barn i armane. Andre gonger ein kvit flokk av konfirmantar i finstasen og utvaksen dåpsklednad.

Eit ankerfeste i tida

Slik innleiar sokneprest Margit Lovise Holte i forordet til jubileumsboka for Ulstein kyrkje. I 2019 er det 170 år sidan kyrkja blei reist ute på gamle Ulstein kyrkjestad. I 1878 blei kyrkja flytta til Ulsteinvik sentrum. Jubileumsboka er på mange måtar like mykje ei fortelling om Ulstein kommune som om kyrkja. Innbyggarane i Ulstein har eit sterkt forhold til kyrkja og kyrkjelivet vever seg inn i dagleglivet til innbyggarane.

Det er Asle Geir Widnes Johansen som har forfatta boka og fotograf Cecilie Hatløy har stått for dei illustrative bilda og bilde av inventaret. Osberget har hatt ansvaret for oppsettet. Margit Lovise Holte og Magne Grimstad jr. har vore redaktør for boka. I tillegg har Britt Opsahl Myrene frå Ulstein kommune, Annelise Kleven Godø frå Ulstein sokn og Inge Håkonsholm frå Ulstein historielag site i redaksjonsnemnda.

Du kan kjøpe boka her.

Vikebladet – Boklansering 15.11.2019 (bak betalingsmur).

Soknepresten er glad for Johansens ærlege penn og er audmjuk på at kyrkja si historie også inneheld maktovergrep og feiltrinn. Dette skal ikkje skje, -og vi må vere audmjuke for kyrkja vert styrt av menneske som også trår feil, og at vi kan lære av historia. Evangeliet har vorte overlevert i generasjonar med tru, håp og kjærleik nok for alle, og kalla til samfunnsinnsats og nestekjærleik.

Margit Lovise Holte

Sokneprest

Prisløna fotograf

Den anerkjente og prisløna fotografen Cecilie Hatløy har tatt bilder av kyrkja som er brukt i boka. Ho utrykker glede for oppdraget og har gjennom sitt kunstnarlege blikk teke bilder som gjenspeglar dette vakre bygget sin varme og sjel. Alle dei historiske kyrkjekunstskattane er no også dokumentert i form av bilder som vert bevart for ettertida. Vi vonar mange får blikket opp for den store kunstskatten som er i aktiv bruk i bygget vårt.

Fleire prosjekt

Gå til toppen