Google Ads på 1-2-3

reklame for Google ads
av Fantastiske Osberget
25. oktober, 2022

Google Ads er dei sponsa lenkene som dukkar opp i toppen av søkeresultatet i Google. Med Google Ads når du ut til publikum i kjøpsmodus, og bli sett der dei faktisk er. Derfor er dette ein av dei mest lønnsamme metodane for å nå målgruppa di.

Riktig bruk av Google Ads vil gjere ditt firma til eit naturleg val når potensielle kundar søker etter relevante produkt og tenester. Det finst lite anna reklame som kan gjer deg so konsekvent synleg for den rette målgruppa.

Annonsering i Google er både kostnadseffektivt og naturleg. Det er reklame som er kjærkommen; du når ut til dei som har spørsmål med rette svara, og dei som treng noko med rett produkt. Dette gir stort potensiale for fleire kundar og auka sal, samtidig som du vert eit meir kjent namn, og framstår som truverdig.

Ved å ha ein Google Ads konto vil du:

  • Bli meir synleg
  • Nå kundar i kjøpsmodus
  • Auke gjenkjensle og styrke merkenamn
  • Auke sal kostnadseffektivt
Kostnadar ved annonsering

Ein stor fordel med Google Ads er at du berre betaler dersom ein person klikkar på annonsen din (CPC). Dette utgjer «gratis» synlegheit for dei som ikkje klikkar, slik at du når ut til eit stort publikum innan di målguppe uansett. Du får også sette opp ditt eige budsjett og styre sjølv kor mykje som skal brukast totalt på ei annonse eller kampanje.

I tillegg til den grunnleggande kostnaden kan ein digital marknadsførar utføre profesjonelle analysar for å sjå kvar du får mest igjen for kvar krone, og kvar du treff kunden aller aller best. Og ut frå det kan du gjer gode val på type annonse, søkeord, og kva som lenkast til. Dette er ei teneste som kan spare godt med pengar over tid.

Les meir om kva me kan tilby ->

Treff riktig publikum

Det finst mange ulike alternativ for å nå ut til målgruppa di. Ønsker du til dømes å nå eit lokalt publikum kan du vise annonsane dine berre til personar i det området. Gjennom målretta eksponering av annonsane dine siktar du på kundar som søkar nettopp dine produkt eller tenestene, og med smarte grep sikrar du at dei som søker og får bedrifta di opp faktisk er aktuelle potensielle kundar.

Google Ads kan delast inn i fire overordna kategoriar: søkeordannonsar, displayannonsering, shoppingannonsar, videoannonsar og app-annonsar. Det er ulike formål for kvar kategori, og annonsane er tilpassa åtferda publikum typisk har i den settinga dei blir viste.

 

Søkeordannonsar

Innan denne annonsetypen kan du spisse kampanjane ved å gjere ei søkeordanalyse, slik sikrar du at dine søkeord samsvarer med brukaren sine. Analysen hjelper deg å identifisere nøyaktig kva ord som blir søkte på og kva som er mest gunstig å ta i bruk. I tillegg er det viktig at landingsside, annonsetekst og søkeord samsvarer med kvarandre. Så her kan ein tene på å kombinere annonseringa med søkemotoroptimalisering (SEO) for nettstaden, for å tilpasse bodskapen og språkbruken til kundane.

 

 

Displayannonsering

Displayannonsering er bilde, tekst eller video annonsar som blir vist som reklame på ulike stadar som til dømes YouTube, relevante appar, bloggar og nettaviser. Dette er ein super måte å gjere seg synleg også for den delen av målgruppa som ikkje er ute og søker direkte etter dine produkt eller teneste. Annonsane kan ein segmentere på blant anna alder, geografi og interesser slik at dei vert vist på relevante stadar og i naturleg samanheng for sjåaren.

Shoppingannonsar

Google Shopping-annonser er produktbilde og pris lenka direkte frå din nettbutikk inn i søkeresultatet i Google. Har du nettbutikk og Google Ads bør du absolutt vurdere denne typen annonsering. Når nokon søker etter dine produkt blir dei viste med bilde, pris og produktinformasjon. Shoppingannonser er konstandseffektive: her betalar ein også kun per klikk, og får derfor mykje gratis eksponering også for dei som ikkje klikkar. Fordi ein då uansett får vist fram bilde av produkt og firmanamn til ein potensiell kunde.

Videoannonsar

Videoannonsar blir viste frå 6 til 15 sekund før, midt i eller etter YouTube-videoar. Dei rette nøkkelorda vil plassere din annonse før ein video og forstyrre sjåaren akkurat nok til å fange merksemda.

App-annonsar

Om du har ein app og ønsker å få fleire nedlastingar har Google Ads løysing for dette. Med eigne app-kampanjar som blir marknadsført på iOS eller Android mobilar. Fordeler med app-kampanjar er at det effektiviserer nedlastingane og du kan framme ulike handlingar i appen, som t.d. kjøp og registrering.

Les meir om vårt samarbeid med Vik Ørsta ->

Google Ads do-it-yourself

Ja, du kan sjølvsagt sette opp Google Ads sjølv og ta det i bruk. Du kan finne på, og lage til dine eigne søkeordkampanjar og få alt det grunnleggande på plass.

Det vi som byrå kan bidra med er å løfte deg til ein profesjonell standard. Det sikrar at du får verdi igjen for annonsekronene dine og ikkje er uheldig og betalar for dårlege treff. At du treff di rette målgruppe, at søkeorda er gode, og at bodskapen har rett utforming. Vi anbefaler bistand frå ein profesjonell marknadsførar som har erfaring med og kunnskap om digital annonsering. Det vil spare deg tid og pengar, og vil sikre deg eit profesjonelt uttrykk i annonseringa.

 

Analyse

Korleis er prosessen?

Først vil vi gjere oss kjent med verksemda di og kva du ønsker å oppnå ved bruk av Google Ads. Vi evaluerer konkurrentane dine, innhald, nettsida dykkar og sesongbaserte trendar. Når vi har definert måla dine, gjer vi ei søkeordanalyse som består av ei analyse, kartlegging og kategorisering av aktuelle søkeord tilpassa målgruppa di. Ut frå dette bygger vi gode og lønnsamme annonsar som er retta mot å oppnå dine mål.

Til sist blir det sett opp eit oppstartsbudsjett til Google Ads, for å setje i gang annonsane og samle data. Etter at annonsane har gått ein periode gjer vi ei ny analyse og du får ein rapport og ein gjennomgang saman med oss. Slik får du målbare resultat og verdifull innsikt på alle kampanjar.

Du vel sjølv kor detaljert rapportane som blir leverte frå oss kan vere og kor ofte du skal få dei tilsendt. Ein eigen tilpassa rapport vil gi deg som kunde full oversyn over kanalane og kampanjane dine, og du ser kva som fungerer bra eller dårleg. Rapporten viser òg kor mykje du betaler per annonse, slik at du heile tida veit kva pengane går til.

Les meir om kva me kan tilby ->

Vi bruker rapporteringsverktøy som Google Analytics 4, Google Data Studio eller Matomo for å finne ut kva som fungerer eller ikkje for bedrifta di. Du har òg tilgang på dei 24 timar i døgnet og moglegheita til å overvake trafikken og trendane for kampanjane dine kontinuerleg.

Vi tilbyr også drift etter oppstart, der vi følger opp og administrerer Google Ads for deg fast.

Med oppfølging har vi som målsetjing å:

  • Optimalisere marknadskanalen
  • Holde systemet oppdatert på nye produkt eller tenester
  • Teste ut aktuelle løysingar
  • Vurdere ein mix av fleire marknadskanalar
  • Gi forslag og råd for framtidige kampanjar

Lurer du på om Google Ads kan vere noko for di bedrift?

Kontakt oss for ein uforpliktande prat om dine ønsker og moglegheiter!

Gå til toppen